Reinli stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Reinli stavkirke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinli stavkyrkje.
Foto: John Erling Blad (2005)

Reinli stavkyrkje står på ein terrasse i den bratte dalsida i Reinli i Sør-Aurdal. Kyrkje vart truleg reist på 1300-talet som ei hallkyrkje med eitt stort rom. Seinare vart koret utvida med apsis, og kyrkja fekk ein svalgang. Det er funne spor etter tidlegare kyrkjer på same staden. Rett nedafor stavkyrkja står Reinli kyrkje, som er soknekyrkje i dag. Stavkyrkja nyttast ved spesielle høve, som bryllaup og dåp, og ho er ope for turistar om sumaren.


Datering

Fyrste gongen Reinli kyrkje nemnast i skriftlege kjelder er i 1327, då eit rekneskap frå den pavelege nuntien nemner ecclesia de Reglir cum capella, Reinlikyrkja med kapell. Ein trur at kapellet kan vere Ule kyrkje i Bagn. Reinli sokn vert så nemnd ein rekkje gonger i brev, som i 1338 («j Reínliid»)[1], 1366 («i renlida kirkiu sokn») og 1395 («Reinlidar kirkie sokn»)[2].

Arkeologiske undersøkingar har synt at det har vore to eldre kyrkjer på staden. Ein av dei brann ned. Tømmeret i kyrkja som står er datert med dendrokronologi, og vart hogd i åra 1323–1326. Det finst også noko eldre tømmer, som truleg kjem frå ei eldre kyrkje. Ein kan difor rekne med at den fyrste kyrkja brann, og at den andre vart reven. Ein av bjelkane er datert til 1172.

Arkitektur

Snitteikning av Reinli stavkyrkje, av Georg Andreas Bull

Kyrkja hadde opphavleg berre eitt rom, men i ei større ombygging i seinmellomalderen fekk ho eit klarare definert kor med apsis, og vart ei langkyrkje. Skipet og koret har samme breidd. Det vart også bygd ein svalgang som er heilt innelukka. Kjerna i kyrkja er seks store furustavar.

Hovudinngangen er i vest, og det er to portalar i sør.

Vindauga vart gjort større etter reformasjonen. Ein hadde då større behov for ljos, så folk kunne lesa i salmebøkene. Dei opphavlege ljosgluggene hadde ein diamter på berre omkring tjue centimeter, så det var mørkt i kyrkja i mellomalderen. I dag er vindauga bytta ut med enklare glasauge.

Ein finn fleire høve på graffiti i kyrkja. Den eldste er frå tida 1160 til 1250, og kan ha vore med over frå den eldre kyrkja. Den er rissa inn i veggen i apsis, og visar eit skip. Ei finn og innrissa eit frukbarheitssymbol og eit evigheitssymbol i svalgangen.

I avslutninga av koret er det ei lita opning i veggen. Luka har vorte tolka på tre vis: Skrifteluke, opning til eit skåp eller luke for å gje nattverd til spedalske. Ved inngangsdøra til koret er det også ei lita luke, og at det er to slike luker gjer det ikkje enklare å tolke dei.

I mellomalderen var det ein takryttar med klokker. Ein ny takryttar vart bygd i 1685, og er i 1686 omtalt som eit tårn. Denne takryttaren falt ned eller vart skifta ut med noverande takryttar omkring 1720.

Eit stort galleri som vart sett opp i 1880-åra er seinare fjerna.

Ein av dei originale dørringane frå mellomalderen vart flytt til Bagn kyrkje, men i 1958 vart ho ført attende til Reinli. Diverre vart ho stolen i 1972, og har ikkje kome til rette. Andre dørringbeslag og låsbeslag frå mellomalderen er bevart, og har dekor frå Sogn-Valdresgruppa.

Kyrkja har stupul, som står som portal ved inngangen til kyrkjegarden. Han er nemnd i 1675, og er truleg jamngammal med kyrkja.

Interiør

Ein av vigslingskrossane.
Foto: John Erling Blad (2007)

Orgelet, som vart restaurert i 1970-åra, står på eit galleri i apsis, over og bak alteret. Det vart flytta frå Bagn kyrkje i 1879, då dei fekk eit nytt orgel der. Det skal vere bygd av Gulbrand Amundsson Klætte i 1790-åra, med utsmykning av Aslak Olsson Li.

Altarskåpet er samansett av restar frå fleire mellomalderskåp. Truleg såg det opphavlege skåpet ut som det i Hedalen stavkyrkje, men berre fløydørane frå dette inngår i dagens skåp. Altertavla er frå 1880-åra eller 1890-åra, og er sett opp mellom fløydørane. Hovudmotivet er Kristi etterfylgjing, som er måla av anten Erling Sørbøen eller Orvar Torsrud. Andre motiv er Kristi himmelfart, Moses på Sinai, Bergpreika og Krossfestinga. Desse mindre motiva vart måla av Siwerts i 1920-åra. Altarringen er truleg frå 1850-åra.

Krusifikset er i ein primitiv, barokk stil, og kan ha førebilete frå mellomalderen. Det skal ha vore del av ei kalvariegruppe, det vil seie Jesus på krossen med Maria og Johannes nedafor, men om det var så er ikkje dei andre figurane bevart.

Kalken er gjeve av Jesper Pedersson Hønefos. Han er i tinn, og har årstalet 1684. Fleire gamle altarklede er bevart, mellom anna eit stripete som er nemnd i 1673 og eit raudt med merke etter ei innskrift, «Ole Andersen Haftoen 1773».

Eit sakramenthus forma som ei krosskyrkje er no hos Oldsaksamlinga i Oslo. Det er datert til 1200-talet.

Døypefonten er i romansk stil, med skaft frå tida 1150–1200. Foten er ein ny rekonstruksjon. Materialet er kleberstein, men mykje av fonten er no i klebersteinskum. Døypefatet har eit bilete av Fortuna og bokstavane «I M», og er truleg laga i Noreg.

Preikestolen er frå 1700, og er i renessansestil. Han vart fjerna i 1854 og vart nytta som kornbinge på Bakko fram til 1880-åra, då han vart måla opp og sett attende i kyrkja.

Reinli stavkyrkje skal vere den einaste mellomalderkyrkja i landet som har alle tolv vigslingskrossar intakt. Desse vart måla på veggen under vigslinga, og dei er i dag svartmåla. Seks av dei sit i koret, og seks i skipet. Dei seks i koret må ha vorte måla opp i seinmellomalderen. Anten såg dei på det som å flytte krossane, eller kyrkja vart nyvigsla.

På ei minnetavle frå 1799 er det lista opp gjevarar til ei innsamling for å få ny klokke til kyrkja. Nedst er tavla signert «Malet av mig [[Ole Hermundsson Jukam|Ole Hermundsen Jucham Den 18de Aprili Anno 1799».

Det er no tre klokker i stupulen. Den eldste er frå mellomalderen, truleg 1300-talet, og kan vere støypt i England. Så er det ei frå 1641, med Christian IV sitt våpen og namna Jens Bielke, fru Sophia Brockenhus og Otte Mogenssøn. Ein innskrift fortel at klokka tilhøyrde «Nes oc øens menighed», truleg Nes sokn med Helgøya i Hedmark. Klokka skal ha vore på garden Baldishol i Nes, og vart kjøpt til Reinli derifrå. Den tredje klokka er av stål, og var gjeven im 1898 av reinlingar som hadde utvandra til Amerika.

I golvet i svalgangen er det ei grav. Ho er merkt med fem naglar som dannar ein kross. Tradisjonen seier at det er kyrkjebyggjaren som ligg her, noko som styrkast av ei runeinnskrift på veggen. Arkeologen Ingvald Undset tolka innskrifta såleis: «Her h(vili)r und(ir) (Si)ra Thor(der) sem e(fna) (l)et ki(rkiu) þessa (pater) nr». Omsett frå norrønt tyder dette: «Her under kviler sira Tord, som let førebu denne kyrkja, Fader Vår». I 1850-åra vart diverre delar av innskrifta øydelagd. Det finst og runer ved inngangsdøra på sørveggen og oppe på ei bjelke på sørsida.

Ein har gjort fleire funn under kyrkjegolvet. Det er funne meir enn 70 eldre mynter, dei eldste frå Håkon IV Håkonsson si tid. Ein har også funne fem dokker. Ein av dei har ein mynt frå 1891 bunde fast på seg, så dei er ikkje så gamle. Ein annan er bunde med bomullsgarn, noko som også peikar på 1800-talet. Truleg heng dei saman med folkemedisin, der ein laga dokker av kleda til nokon og la dei under kyrkjegolvet. I 1890-åra fann ein ei øskje i kyrkjemuren, som truleg hadde vore nytta til eit foster etter ein spontanabort. Slike øskjer skulle ikkje setjast inn i muren, men gravarane gjorde det nokre gonger når ei fortvila jente hadde mista ungen og villa la fosteret få kvile på vigsla grunn.

Historie

I mellomalderen og inn på 1600-talet åtte kyrkja gardane Leisterud og Smedsrud.

Bagn kyrkje vart bygd på 1700-talet var det fare for at Reinli sokn skulle verte nedlagt. Men folket i Reinli holdt kyrkja i hevd, og i 1819 er ho nemnd som «Øvre Reinlids Lovekirke». Som andre kyrkjer vart ho selt i kyrkjesalet i 1720-åra. I 1742 synar eit skøyte at kyrkja vart selt av Guttorm Olsson Dølve til brorsønen Arne Olsson Dølve[3]. Folket på Dølve eigde då ein del av kyrkja, som Guttorm hadde arva etter sin far Ole Ellingsson Dølve.

Kyrkja vart restaurert omkring 1850 av Eiliv Bakko og Ola Jonsson Lumdal. Kristoffer Hagane, som vart kyrkjesongar i 1874, fekk pressa fram pengar frå Stortinget. Dei løyva tusen kroner, som vart nytta til å restaurere vestportalen, fjerne benkene og sette inn to nye rekkjer, sette inn eit nytt og større galleri, flytte preikestolen og skifte ut vindauga.

Det nye kapellet på andre sida av vegen vart vigsla i 1965, og vart seinare soknekyrkje.

1977 til 1979 vart stavkyrkja restaurert under leiing av Ola H. Sukke og Arne Langedrag. Etter innkjøp av nye stoler har kyrkja omkring 75 sitjeplassar.

Segn om Reinli kyrkje

Et segn fortel av kyrkja fyrst vart bygd ein stad som heiter Kirkeengen, og at ho vart flytta til staden der ho står no av dei underjordiske før ho var ferdig. Eit anna segn fortel at då fyrste messa skulle feirast i kyrkja, byrja ei huldrejente å blåse på lur for å lokke kyrkjelyden ut av kyrkja, men ho vart brått stanga i hel av ein bukk.

Referansar

  1. DN V, nr. 253.
  2. DN III, nr. 520.
  3. Islandsmoen, 1914 s. 127.

Kjelder

  • Anker, Peter: Stavkirkene. Deres egenart og historie. 1997.
  • Blindheim, Martin: Graffiti in Norwegian stave churches c. 1150-c. 1350. Utg. Universitetsforlaget. Oslo. 1985. Digital versjonNettbiblioteket
  • Anders Frøholm og P. Lillebrænd: Valdres bygdebok. Bd. 3.1. Utg. Valdres bygdeboks forlag. [Leira]. 1973. Digital versjonNettbiblioteket
  • Islandsmoen, Olaus: Søre Aurdal og Etnedalen : noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres. Utg. Norli. Kristiania. 1914. Digital versjonNettbiblioteket
  • Aars, Ivar: «Reinli stavkyrkje: Kyrkja vår 29» i Årbok for Valdres. 2013.
  • Diplomatarium Norvegicum

Eksterne lenkjer

Koordinater: 60.83141° N 9.49287° Ø