Reinli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinli stavkyrkje.
Foto: John Erling Blad (2005).

Reinli er ei bygd i Sør-Aurdal kommune i Valdres. Bygda strekk seg oppover i åssida nordaust for Bagn, med Reinli stavkyrkje som det historiske sentrum. Stavadalen vert i nokre samanhangar rekna som ein del av Reinli, og i andre som ei eiga bygd. Reinli sokn femner også om andre bygder i kommunen; fram til Bagn sokn vart oppretta var også Bagn ein del av Reinli sokn.

Namnet Reinli er først nytta i 1338 med forma Reinliid[1]. Det er avleia av elvenamnet Reina, som anten kjem frå dyrearten rein, adjektivet reinn (rein, pur) eller rein som i åkerrein eller graskant.

Nokre av dei eldste gardane i Sør-Aurdal ligg i den sørvendte lia i Reinli, der det er godt med sol og fruktbar jord. Det vart rydda gardar der allereie i folkevandringstida, 400 til 600 e.Kr. Bøen var truleg den fyrste garden i bygda; namnet tyder «garden». Det er mogleg at denne garden tidlegare også gjekk under namnet Reinli. I eit kjøpebrev frå 1395 nemnast «Sigvatsgard i Reinli i Reinli sokn»[2], og med det meinast truleg gardsparten Sigvatsgard av garden Reinli. Reinli gjekk over frå å vere eit gardsnamn til å vere eit bygde- og soknenamn, men så seint som i 1528 og 1560 er det nytta som gardsnamn. Fleire gardar vart rydda før vikingtida. Kvål, Vestreim og Høve er blant dei som framleis er der, medan Meleim[3] og Helleim er borte. Det sto truleg eit gudehov ved Høve, namnet tyder i alle fall på det og plasseringa høgt opp i lia er også god for ein kultstad.

Seinare i norrøn tid byrja delinga i mindre bruk, og frå denne tida finn ein gardar som den tidlegare nemnde Sigvatsgard og Kollsgard. Namna er typiske for det som skjer i denne tida; bruk vert skilt ut frå dei opphavlege gardane, og får eit personnamn kombinert med -gard som bruksnamn. På 1300-talet får ein også rud-gardar, nyryddingsgardar. Bland desse er Klauvrud, Navrud, Skinnrud og Øydgarden. Sistnemnde vert også kalla Killingbakke, men kan hende Killingrud fyrst. Ein finn også Nedre Roo og Nørdre Roo, der roo er ei form av rud.

Etter svartedauden ser det ikkje ut til at det var så mange folk att i Reinli. Så seint som i 1528 nemnast berre tre brukarar i bygda: Ola Reinli (truleg på Bøen), Embrek Høve og Ulvbjørn Vestreim. Dei tre gardane Bøen, Høve og Vestreim var bland dei eldste og beste i bygda. Heilt fram til omkring 1700 vart øydegardar rydda i Reinli, så det tok lang tid før folketalet hadde tatt seg opp att. Det var i denne øydegardstida at gardar som Meleim, Helleim og Sigvatsgard forsvann. Det kom så ei rask auke i folketalet på 1700-talet og i fyrste halvdel av 1800-talet. Mange nye bruk og plassar vart rydda, og bruk vart utskilt frå dei eldre gardane. Bygda vart tett befolka, og mange av plassane var små, så det er ikkje til å undre seg over at mange reinlingar valde å søkje lykka i Amerika.

Det har aldri vore særleg mykje industri i Reinli, men på Reinun er det lang tradisjon for sagbruk og møller. Den mølla som var i drift lengst, Reinli mølle, stod ved Brettatn. Reinli meieri vart opna i 1882, og var truleg det fyrste moderne meieriet i Valdres.

Referansar

Kjelder

Eksterne lenkjer

Koordinater: 60.83193° N 9.49786° Ø