Rinde stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Rinde stavkyrkje låg i Feios, i noverande Vik kommune. Stavkyrkja er omtalt i kjeldemateriale frå 1122/23, mellom anna i Regesta Norvegica IV og Norske Gaardnavne XII. Denne kyrkja er truleg den andre kyrkja på Rinde kyrkjestad. Krusifikset med angelsaksisk og nordisk- northumbrisk stilopphav er bevart ved Historisk Museum i Bergen, under namnet Leikangekrusifikset.

Skisse Rinde stavkyrkje etter G.A.Bull
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:Riksarkivet


Historikk

Bergens Kalvskinn (Bjőrgynjar Kálfskinn) omtalar «ḱḭṟkian a. Ṟíndín j Fædía dal» på side 49 om kyrkja sitt tiende. (Ole-Jørgen Johannessen, 2016) Denne kyrkja tlhøyrer det som Dietrichson kallar einskipa kyrkjer utan midtstolpe. Kyrkja var bygd på Rinde kyrkjestad. Denne kyrkja vart riven både fordi ho var forfallen, men like gjerne fordi Kyrkjedepartementet ville innføra ein ny kyrkjearkitektur med utgangspunkt i Eisenach-regulativet (Bjerkek, 2005). Fortidsminneforeininga ved antikvar Nicolaysen hadde god oversikt over dei resterande stavkyrkjene i Sogn etter ei rundreise i 1848 og 1861(?)(Nicolaysen, 1862-1864). Foreininga engasjerte Georg Andreas Bull (1829-1917) til å dokumentere kyrkjene i Sogn sommaren 1854, han var da på ei reise og gjesta kyrkjene, stavkyrkjer og steinkyrkjer, på Hove, Hopperstad, Vangsnes, Rinde, Leikanger, Stedje, Hafslo, Dale, Fortun, Urnes, Årdal, Kaupanger og Borgund. Denne ekspedisjonen fann stad i september og resulterte i viktig oppmåling og skisser av desse kyrkjene. (Nordrumshaugen, 2016)

Krusifiks frå Rinde stavkyrkje, kopi i Leikanger kyrkje
Foto: Jan Magne Rinde/kilde: eige foto

Mange år med manglande vedlikehald av Rinde stavkyrkje førte til at forfallet av bygget hadde gjort seg gjeldande. Den 7.september 1858 fann det stad synfaring av kyrkja. I denne synfaringa var prosten i Ytre Sogn Thom. Eriksen, presten i Leikanger Johan D. Haslund og ordførar Sjur Sæterlie truleg med som representantar for styresmakta. Medan Tøger Nielsen Haave og Knud A. Hamre møtte på vegne av kyrkjemedhjelparane. For eigarane av kyrkja møtte Lasse Nielsen Steengiærde.

Den 1. mars 1859 viser orginaldokument frå Fylkesarkivet i Sogn og fjordane at denne synfaringa var nedskriven og referert av «provst i Yttre Sogn» Thom. Eriksen. Denne «besiktigelsesprotokollen» påviser fleire alvorlege manglar ved stavkyrkja. Både tårnet og kyrkja er «meget brøstfældigt», og golvet «paa søndre Side, Tid efter Anden, nedsunken og svært heldende. Bindingsværket i det Hele saare svagt». Vidare vert soknepresten referert der han omtalar at det ved stormande ver fort kan skje at taket kan styrte saman. Det som likevel fekk positiv omtale var mellom anna kyrkjeklokka. «Kirke-Klokken er klangfuld og Ornamenterne, med unntak av Messehagelen, i Orden».

Denne protokollen vert avslutta med fylgjande omtale: «Brøstfældighederne ved Kirken er imidlertid for mange og for svære til at de nuværende Kirke-Eiere kunne skjønnes at istandsette den: hvorfor de raaede til, snarest mueligt at faae den solgt, - efter Overenskomst – til Almuen. Først da kan der være Udsigt til at en nye Kirke kan blive oppført i den ……Kirkes Sted. Da Kirkens miserable Forfatning gjør det ønskelig, at denne Overenskomst mellem Kirke-Eierne og Almuen snarest mulig kunde skee, lovede Formandskabets Ordfører, som netop i dag var her tilstede, at der snarest mulig vilde blive indledet en Underhandlning med Kirke-Eierne desangaaende af Formandskabet paa Almuens Vegne. Kirkegaardens Hegn er i Orden, men Portene trengede til Reparation». (Rinde, 2016)

Alterskåp frå Rinde stavkyrkje i Rumohr sine samlingar i Frønningen
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:eige foto
Lysestake blekk-barokk frå Rinde stavkyrkje/Jan Magne Rinde/kilde:eige foto

Kjelder

  • Bjerkek, Ole Petter. (2005) Den preussiske regjerings typetegninger og Eisenach-regulativets påvirkning i Norge omkring 1850-1862. Vestre Aker Kirke.
  • Dietrichson, L. (1892) De Norske Stavkirker. Deres system, oprindelse og historiske udvikling. ALB.Cammermeyers Forlag. Kristiania og København.
  • Johannessen, Ole-Jørgen. (2016) Bergens Kalvskinn Kildeutgivelse fra Riksarkivet.
  • Nicolaysen. N. (1862-1864) Norske Fornlevninger. En opplysende fortegnelse over Norges Fortidslevninger, ældre end reformasjonen og henførte til hver sit sted. Carl C. Werner & Comp´s bogtrykkeri. Kristiania
  • Nordrumshaugen, Stig Andreas. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Stavkyrkja på Rinde. Feios sokn
  • Rinde, J.M.B. Red. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn.
  • Rygh, O. (1919) Gaardnavne i Nordre Bergenhus Amt. Bind XII. W.C. Fabritius & Sønner AS, Kristiania