Roestulvegen

Sideversjon per 6. jun. 2021 kl. 12:38 av Rool (samtale | bidrag)

Roestulvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune er ein skogsveg som går nordover frå Visjålivegen til Bjønnetjønn-området.

Vegen er om lag 2,3 km lang og har namn etter Roestulen. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.46775° N 9.26825° Ø