Romanifolk: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 18: Linje 18:
Romanifolket vart raskt stempla som syndebukkar i samfunna dei oppheldt seg i. Både kyrkja og dei verdslige styresmaktene forfølgde dei med forbod og straff. Dei hadde ikkje den same rettsikkerheita som andre. Utvising frå riket var ein vanleg reaksjon, og om ein vart tatt på ny kunne det vanke strengare straffar. [[Passtvang]]en som gjelde fram til 1860 gjorde det vanskeleg å leve som omstreifar. Sjølv da det var lempa på passtvangen, så norske borgarar kunne reise mellom sokn utan pass, var det framleis restriksjonar på romanifolk, som måtte ha reisepass heilt til slutten av 1800-talet.

På 1800-talet byrja ein del å arbeide for betre livskvalitet for reisande folk. Ein av dei mest kjende var [[Eilert Sundt]], samfunnsforskaren som kartla «fantefølgjene» i ei serie med [[fantefortegnelser|fantelister]]. Eit hovudmål var å få dei bufaste, og å få borna på skule. For romanifolket var det å verte bufast ofte ikkje eit alternativ; dei ville ikkje leggje frå seg ein så sentral del av kulturen sin. Det som byrja med omstreifarmisjon og positiv påverking gjekk over i tvang og nye forbod. Manglande skulegang for barna har vore eit stort problem, og mange foreldre opplevde at barna vart tekne frå dei. [[Løsgjengeri|Lausgangarlova]] vart også nytta i stort monn heilt til ho vart avskaffa i byrjinga av 1970-åra. Mange romani havna på [[tukthus]] eller [[arbeidshus]] med heimel i lausgangarlova.  
På 1800-talet byrja ein del å arbeide for betre livskvalitet for reisande folk. Ein av dei mest kjende var [[Eilert Sundt]], samfunnsforskaren som kartla «fantefølgjene» i ei serie med [[fantefortegnelser|fantelister]]. Eit hovudmål var å få dei bufaste, og å få borna på skule. For romanifolket var det å verte bufast ofte ikkje eit alternativ; dei ville ikkje leggje frå seg ein så sentral del av kulturen sin. Det som byrja med omstreifarmisjon og positiv påverking gjekk over i tvang og nye forbod. Manglande skulegang for barna har vore eit stort problem, og mange foreldre opplevde at barna vart tekne frå dei. [[Løsgjengeri|Lausgangarlova]] vart også nytta i stort monn heilt til ho vart avskaffa i byrjinga av 1970-åra. Mange romani havna på [[tukthus]] eller [[arbeidshus]] med heimel i lausgangarlova. [[Assimileringspolitikken]] vart ført heilt fram til 1980-åra.

Det har også vore ein del fokus på høve der romanifolk vart [[tvangssterilisert]]. Dette kunne skje i samband med andre inngrep, såleis at dei ikkje ein gong fekk vite at dei hadde vorte sterilisert. Grunngjevinga for at dette vart gjort var «samfunnshygiene», og inngrepa hadde heimel i [[steriliseringslova]] av 1934. Den verste tida for slike overgrep var i [[mellomkrigstida]], og ein kan ikkje i ettertid unnlate å sette det i samband med raseteoriane som stod sterkt i mange kretsar på denne tida.