Romsdalshornet

Romsdalshornet, ofte kalla berre Romsdalshorn, er eit fjell i Rauma kommune, på austsida av Romsdalen om lag femten kilometer søraust for Åndalsnes. Toppen er på 1550 meter over havet, og fjellet stig nesten loddrett opp frå dalen.

Romsdalshornet.
Foto: Chris Nyborg (2013).

Kristen Hoel frå Gausdal og Hans Bjarmeland frå Vestnes blei i 1828 dei første som klatra til toppen av Romsdalshorn. Neste gong nokon nådde toppen var ikkje før i 1881, for det var vanskeleg å klatre opp på fjellet. Dette førte til at mange ikkje trudde på Hoel og Bjarmeland, men då Carl Hall og hans følgje kom til toppen i 1881, fann dei ein varde som Hoel og Bjarmeland hadde bygd der. Arne Randers Heen gjorde den første vinterklatringa til toppen i 1930, og han var på toppen heile 232 gonger og har fått tilnamnet «Kongen av Hornet».

Kjelder

Sjå også

Koordinater: 62.49134° N 7.78588° Ø