Ryningen (Bykle gnr 11/4): Forskjell mellom sideversjoner

språk
Ingen redigeringsforklaring
(språk)
Linje 96: Linje 96:
Signe Knutsdotter var dotter åt ovanomtala Knut Åsmundsson og andre kona, Jorunn Tarjeisdotter. Som ein ser i familielista ovanfor var det ingen av borna til Andres og Signe som vart vaksne og gifte i Bykle. Dei to sønene, Knut og Tallak, var til stades då det vart skift etter mora i 1774, men sidan veit me ikkje korleis det gjekk dei (me har ikkje funne noko skifte etter Andres). I 1801 var dei ikkje i Bykle. Om dei då var døde eller utflutte er uvisst, men det siste er kanskje det mest trulege. Både Andres og Signe livde sin alder ut i Ryningen, men innan dei døydde hadde det vore fleire omskifte på bruket.  

Det fyrste var i 1760, då Andres Tallaksson pantsette eigedomen for 240 riksdalar til Vetle Åvoldsson. Denne Vetle var som fyrr nemnt son åt Gunhild Gunsteinsdotter Ryningen, men far hans veit me ikkje noko om, då bortsett frå fyrenamnet, og at me trur han må ha vore frå ei anna bygd. Ein indikasjon på at det siste kan vera rett, er at Peter Mandt frå Lårdal var forlovar for sonen, då han gifte seg i Bykle i 1755. Ved giftemålet vart han elles oppskriven med etternamn Trydal, men me har ikkje sett noko som tyder på at det var der han var utstokken, så helst har han berre budd der ei tid. Då ekstraskattemanntalet i 1762 vart oppteke, var Vetle og kona hans ikkje busette i Bykle.  
Det fyrste var i 1760, då Andres Tallaksson pantsette eigedomen for 240 riksdalar til Vetle Åvoldsson. Denne Vetle var som fyrr nemnt son åt Gunhild Gunsteinsdotter Ryningen, men far hans veit me ikkje noko om, då bortsett frå fyrenamnet, og at me trur han må ha vore frå ei anna bygd. Ein indikasjon på at det siste kan vera rett, er at Peter Mandt frå Lårdal var forlovar for sonen, då han gifte seg i Bykle i 1755. Ved giftemålet vart han elles oppskriven med etternamn Trydal, men me har ikkje sett noko som tyder på at det var der han stamma frå, så helst har han berre budd der ei tid. Då ekstraskattemanntalet i 1762 vart oppteke, var Vetle og kona hans ikkje busette i Bykle.  

Pantet til Vetle i Ryningen var «brugeligt pant», og dermed langt bortimot jamgodt med eit kaup. Dermed kunne han flytje hit, og såleis redusere Andres og Signe til sambrukarar eller kanskje busetar. Men straks etter flytjinga fekk Vetle eit odelssøksmål på halsen, så han fekk ikkje verta verande lenge. Ettersom han ikkje sette særleg med spor etter seg andre stader i bygda, kan me like gjerne setje inn det lisle me vidare har å melde om han på denne staden:  