Sølvskatt og formuesskatt 1816

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. jun. 2012 kl. 12:05 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk

«Sølvskatten 1816» var ikkje ein skatt, men nemninga blir brukt om dei innskota som vart utlikna på landets formuer til eit grunnfond for den nyskipa Norges Bank. Innskota skulle gjerast i sølv eller gull. Frå fyrst av var håpet at det skulle greie seg med frivillig teikning, men det måtte raskt gjevast opp. Inndrivinga var heimla i lov av 14. juni 1816 (stortingsvedtak 20. mai). På same dag (14. juni, stortingsvedtak 14. mai) kom også ei lov om ein ekstraordinær formues- og næringsskatt med same utlikningsgrunnlaget som bankinnskota. Nemninga «sølvskatt» som festa seg ved det tvungne grunnfondinndrivinga, har truleg bakgrunn i at ein ikkje har skilt klårt mellom dei to nært sambundne pålegga.

Båe delar var i alle høve lekkar i det komplekset av tiltak som Stortinget meinte måtte til for å få reetablert eit stabilt finans- og pengevesen etter 1814. Sølvskatten og formuesskatten var forutsette i lova om pengevesenet som kom på same dato (14. juni, stortingsvedtak 9. april), og som mellom anna oppretta Norges Bank.


Sølvskatten

Utlikninga

Grunnfondet skulle vere på minst 2 millionar spesidalar i sølv. Dette vart etter stortingsvedtak og kunngjering 29. juni vedteke fordelt slik på landets fem stift:

  • Akershus: 1 000 000
  • Kristiansands: 287 000
  • Bergens: 362 000
  • Trondhjems: 296 000
  • Nordlandenes: 55 000

Innan stifta fordelte Stortinget i same kunngjeringa summane på kjøpstadene og amta. I kvart amt skulle så beløpet fordelast på dei einskilde tinglag. Dette skulle gjerast av ein kommisjon beståande av alle sorenskrivarane i amtet og ein mann frå kvart tinglag. I tinglaget skulle beløpet utliknast på enkeltpersonar av ein kommisjon beståande av tre mann frå kvart sokn i tinglaget. I kjøpstadene skulle dei med stemmerett etter grunnlova sjølve bestemme korleis likningskommisjonen skulle samansetjast.

Det er ikkje spesifisert i lova korleis formuene skulle fastsetjast.


Arkiva

Listene over bidragsytarar til sølvskatten dekkjer heile landet. Dei offisielle protokollane over innskota tilhøyrer og er oppbevart ved Norges Bank. Riksarkivet har lenge hatt mikrofilm av listene. I eit samarbeiodsprosjekt mellom dei to institusjonane blir nå (2012) dette materialet skanna for å leggjast ut på internett. Dette arbeidet skal vere sluttført innan Norges Banks 200-års jubileum i 2016.

Prosedyrene for utlikninga av sølvskatten impliserer at vi kan rekne med å finne materiale om sølvskatten i eit hjå fleire arkivskaparar i det arkivverket (amts-, fute-, sorenskrivar m.m.).


Formues og næringsskatten

Føremål og utlikning

Dette var ein skatt som tok sikte på å inndra 2 millionar riksbankdalar nominell verdi i riksbanksedlar og som skulle dekkje eit lån som Norges Bank var pålagt av Stortinget å ta opp for å kunne innløyse riksbanksetlane. Det var altså ein del av ein storstila operasjon for å byte ut dei gamle setlane med ei ny pengeeining.

Skatten skulle som namnet seier utliknast på formue og næringar, og etter tilsvarande prosedyrer som for sølvskatten. Heller ikkje for formues- og næringsskatten seier lova noko om kva som skulle reknast som skattbar formue.


Arkiva

Materiale etter formues- og næringsskatten utgjer 13 hyllemeter i Revisjonsdepartementets arkiv i Riksarkivet (1. revisjonskontor- Zahlkassen med Vekselkontoret). Ein del lister og rekneskap kan ein også finne i dei respektive statsarkiva, fyrst og fremst i materialet etter futekontora, men også i byanes likningskommisjonar og andre stader.


Kjelder og litteratur