Sør-Aurdal prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. feb. 2019 kl. 10:08 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Sør-Aurdal prestegjeld''' vart oppretta ved reskript av 29. november 1805 med verknad frå same dato. Aurdal prestegjeld vart då delt i Nord-Aurdal prestegjeld|Nord-Aurdal...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sør-Aurdal prestegjeld vart oppretta ved reskript av 29. november 1805 med verknad frå same dato. Aurdal prestegjeld vart då delt i Nord-Aurdal og Sør-Aurdal prestegjeld. Det svara til Sør-Aurdal kommune.

Frå starten av bestod prestegjeldet av sokna Bagn, Reinli, Bruflat og Hedalen, med Bagn som hovudsokn og dei andre som annekssokn.

I 1895 vart Bruflat sokn slått saman med Nord-Etnedal sokn til Etnedal prestegjeld. Leirskogen sokn og Begnadalen sokn vart oppretta seinare.

I 2000-åra vart prestegjelda avvikla, og sokna ligg sidan under Sør-Aurdal kyrkjelege fellesråd.

Kyrkjebøker

I dei første to åra vart kyrkjebøkene for Aurdal prestegjeld nytta. Frå 1807 er det eigne bøker for prestegjeldet, og frå 1849 eigne bøker for kvart sokn.

Kyrkjeboka for Bruflat sokn i tida 1849–1876 gjekk tapt våren 1945.

Bøkene er tilgjengelege på Digitalarkivet:

Litteratur og kjelder