Søre Drivenes

Sideversjon per 13. nov. 2014 kl. 21:18 av Cathev (samtale | bidrag)

Søre Drivenes er ein gard på Selbjørn i Austevoll kommune. Den har gardsnummer 66 (8 før 1964). Garden ligg ved det sterkt trafikkerte Bekkjarviksundet. Mot nord og vest går grenselinja mot dei andre Drivenes-gardane (Nordre og Store Drivenes), og i sør mot Grasdal og Sætre. Grenselinja går over Kongsfjellet 185 moh. På Kongsfjellet er det bygd tre gravrøyser for meir enn 1000 år sidan.

Fram til 1964 tilhøyrde Søre Drivenes, Fitjar kommune.

Namn

Eldre skrivemåtar: Søer Driffuenes (1647).

Driva, Drifa er kjent elvenamn. Kanskje gardsnavnet Drivenes kom frå namnet på den vesle bekken som rann ut i Bekkjarvik.
Gardsnavnet kan og forklarast ut frå betydninga av drifa: Snø- og regndrev.

Historie

1600-talet

Garden vart i byrjinga av 1600-talet delt i to jamnstore bruk.

  • 1605: Garden er første gong nemnt, då brukar Peder Driffuenes betalte skatt.
  • 1647: Skrivemåte, Søer Driffuenes
  • 1660: Søre Drivenes var krongods som Kong Fredrik III i pengenød selde til kanslaren Peder Reetz i 1660-åra saman med dei andre Selbjørnsgardane og mykje anna gods og kongetiende.
  • 1668: Skrivemåte, Søre Drivenes

1700-talet

  • 1723 Bekkjarvik Skild ut som eigen gard frå Søre Drivenes
  • 1780-åra vart bnr. 1 delt i to like bruk.

1800-talet

  • 1849: Økshamar Fyr vart oppretta
  • 1886: Er det registrert 5 bruk på garden

1900-talet

  • 1906: Er det registrert 9 bruk på garden
  • 1964: Søre Drivenes vart overført til Austevoll kommune frå Fitjar kommune.
  • ca 1991: Er det registrert 122 bruk på garden

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.