Sørestranda ungdomslag

Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.

Sørestranda ungdomslag i Sykkylven vart skipa i 1911. Ungdomslaget hadde møta sine på skulehuset på Hellen/Hella, som ligg like innafor brua over til Aure, fram til 1932, då ungdomshuset «Høgetun» vart bygd. Klaus Sletten, redaktør i Møre Tidend frå 1917 til 1920 eigde ein gard på Ikornnes og ga hustomt til laget. Mange utflytte «søre-strandingar» i Amerika ga gode pengegåver til huset, så laget var omlag skuldfri då huset sto ferdig.

Ungdomshuset Høgetun
Fondvegg Høgetun
Høgetun salen

Det har vore halde om lag 350 møte i laget, og 60 skodespel er framsynt. Idrettslaget og skyttarlaget er spirer frå ungdomslaget.

Lærar J. Fredriksen var første formannen, og både han og frua la ned eit stort arbeid i laget, og vart i 1936 heiderslemer. No i 1954 heldt laget minnefest for Fredriksen. Ola Tandstad var med i laget i mange år. Elles har Erling Eliassen lagt ned eit godt arbeid. Lagsbladet heiter «Trekloppa».

SYKKYLVEN GARDSSOGA III AV MARTIN GJÆVENES UTGJEVEN AV SYKKYLVEN SOGENEMND 1983:

«Bnr 13 SOLBERG, sidan HØGTUN Utskilt frå bnr 1 i 1920, skyld 2 øre. SØRESTRANDA UNGDOMSLAG Skøyte frå Klaus Sletten 6/11 1920 for 400 kr. Etter krav frå laget ved formannen Nils Stave, vart namnet endra frå Solberg til Høgtun i 1921. Men i daglegtalen levde det første namnet lenge. Sørestranda Ungdomslag ga forfattaren av dette bandet kulturprisen for 1979 for lokalhistorisk arbeid med gardssoge og boka Utvandrarane frå Sykkylven.»

Klaus Sletten var redaktør i Møre Tidend i Ålesund frå 1917 til 1920[1]

Referansar

  1. Allkunne.no

Kjelder og litteratur

  • Ivar Grøvik: Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag gjennom 60 år, 1954.