Salten

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. sep. 2008 kl. 23:07 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Regionråd i Nordland.png|Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.}} <onlyinclude>'''Salten''' (lulesamisk ''Sállto''), ò...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Regionråd i Nordland.png
Dei ulike regionråda i Nordland. Salten Regionråd, rett nordom midten, er vist i blått.

Salten (lulesamisk Sállto), òg stundom kalla Salta, er eit landskap og ein region i midtre Nordland som grensar mot Helgeland i sør, mot Ofoten i nord og mot Norrbottens län i aust. Nordvest for Salten ligg øygruppa Lofoten på andre sida av det vêrharde havstykket Vestfjorden. Salten, saman med Ofoten, utgjorde tidlegare futedømet Saltens Fogderi. Folk frå Salten blir kalla saltværingar og den lokale dialekten i området heiter saltværing.

Kommunane som blir rekna inn i regionen ligg kring fjordsystemet Saltfjorden, Saltstraumen, Svefjorden, Skjerstadfjorden og Saltdalsfjorden. Kommunane her er Hamarøy, Steigen, Sørfold og Fauske i nord og Saltdal, Beiarn, Gildeskål og, i våre dagar, Meløy i sør; og i midten ligg Bodø, som òg omfattar den tidlegare Skjerstad kommune sør for Skjerstadfjorden. Administrativt og kommunikasjonsmessig sett er RødøyHelgeland og Værøy og Røst tett knytte til Salten; frå 2001 har desse tre kommunane og Meløy vorte lagt inn under Salten tingrett i Hålogaland lagdømme.) 1.10.2007 var folketalet i dei ni eigentlege Salten-kommunane, inkludert Hamarøy og Meløy, 76 329 innbyggjarar.[1]

Salta (norrønt salpti, salfti) var det tidlegare namnet på regionen og kan komma frå namnet på fjordsystemet. Som regionnamn er den gamle nominativ- og akkusativforma Salta, og den gamle dativforma er Salten. Ved oppløysinga av kasussystemet fram mot 1900-talet har den gamle dativforma Salten vorte ståande som den mest bruka forma, og forma Salta har i løpet av 1900-talet stort sett falle ut av bruk.

Landskapstypane i Salten varierer sterkt, frå fiskeværa og kystbygdene i Steigen til innlandsbygdene i Saltdal og Beiarn. Her finst det område som har hatt tradisjonell reindriftSaltfjellet, i Beiarn og Gildeskål; og her finst mesta urørt natur i Rago nasjonalpark. Rago er ei naturleg fortsetting av nasjonalparkane Padjelanta, Sarek og Stora Sjöfalletsvensk side av riksgrensa. Junkerdal nasjonalpark ligg innanfor Saltdal og Fauske, medan berre deler av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark hører til Salten.

Administrative inndelingar

Kjelder

Mal:Nynorsk Wikipedia Mal:Bokmålswikipedia