Samtale:«Trille-stille-revolusjonen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne teksten er ganske vanskelig å forstå. Morten Haave (MortenHV) (diskusjon) 11. des. 2017 kl. 22:45 (CET)

Då er her med andre ord eit forbetringspotensiale slik det ofte er med fyrste utgåve av artikkelar. Kall det gjerne ein spire i L-wiki-samanheng. Sånn reint praktisk. Hjulet kom til Noreg på eitt eller anna tidspunkt, dei fleste laga i trematerialar. Trehjul er ikkje slitesterke, derfor kom jernskodning. Jernskodning skramlar og gir sterk lyd mot brulegning og betong. Gummihjulet løyste det meste av ristinga og dempa støy. Det trilla stillare. Heime var det gummihjul på hjulsleden og høyvogna det fyrste eg hugsar, men dei jernskodde hjula stod der. Vegarbeidarane rundt 1955 hadde fått gummihjul på trillebåra/geita, men der var framleis nokre med jernhjul. Desse gruppene av menneske forstod og snakka om trille-stille-revolusjonen. Det same med sjølvgåande reiskap. Traktoren hadde fyrst jernhjul som standard. Smått om senn kom gummihjula. Tilhengaren hadde gjerne trehjul med jernskodning, så kom gummihjula som trilla stillare. Brukarane oppfatta det som ein revolusjon. Rett nok ein sakte revolusjon, men slik formulerte dei seg dei to generasjonane før oss. Å omsetje slike praktiske greier til akademisk terminologi er både krevjande og interessant for det ein tidlegare kollega av meg kalla; ein halvstudert røvar.

Å vise til P. M. Røvde som eit døme er ikkje unaturleg då anleggs-/landbruks-hjul var det mest høyrbare på førehand og Røwde-hjulet hadde ein stor del av marknaden ei periode. Men det var fleire produsentar som laga pakkeløysingar med aksel, nav, felg og dekk.

Ei grunngjeving for kva som er vanskeleg å forstå er fint i slike høve, så slepp ein svare i blinde.

I L-wiki-systemet er det hjelp å få for å gjere artikkelar forståelege. Det er det grunn til å seie takk for.--Oddvar Høydalsvik (diskusjon) 12. des. 2017 kl. 00:51 (CET)

Dette var interesant og heilt i mi gate, lett skjøneleg.--Mvh Magnar Høydal 12. des. 2017 kl. 22:53 (CET)