Samtale:Folkeminne

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. aug. 2010 kl. 09:24 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: Fin og særs relevant artikkel! Eg har ei lita innvending mot tolkinga av "folk" og "folkeleg" i denne samanhengen. Eg er nemleg ikkje så viss på om desse omgrepa i fyrste omgang referert…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fin og særs relevant artikkel! Eg har ei lita innvending mot tolkinga av "folk" og "folkeleg" i denne samanhengen. Eg er nemleg ikkje så viss på om desse omgrepa i fyrste omgang refererte til "allmuen ... de nederste lag av befolkningen". "Volk" var vel heller einstydande med "nasjon", "ethnos", "blodsfellesskap", gjerne også "rase". Men nasjonalromantikarane var overtydde om at den autentiske "folkeånd" best hadde overlevd i allmugen (helst i bondestanden, ikkje i proletariatet), så slik sett vart allmuge/bondekulturen eit naturleg studieobjekt. "I andre omgang" har det da skjedd ei tydingsforskyving over til det "folkelege" i demokratisk (ikkje etnisk) forstand. Kva trur du?Hans P. Hosar 5. aug 2010 kl. 11:24 (CEST)