SapDesign: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
SapDesign er ei møbeldesignbedrift som vart etablert i [[1989]] av designaren [[Svein Asbjørnsen]] i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til [[Asbjørn Asbjørnsen]] som i åra [[1943]] til [[1960]] dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Svein fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og møbelforming, og etter at han var ferdig med militærtenesta i 1967 fekk han praksisplass ved kontoret til møbeldesignaren [[Ingmar Relling]] i [[Sykkylven]]. Han gjennomførte deretter møbeldesignutdanning ved [[Statens Handverks- og Kunstindustriskole]] i [[Oslo]]. I [[1969]] var han blant dei første som fekk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var [[Svein Leirdal]]. Saman med Leirdal og sambygdingen [[Jan Lade]] etablerte Svein Asbjørnsen i 1970 designbedrifta [[Møre Designteam]]. Dei markerte seg raskt med nyskapande modellar der dei kombinerte eksperimentelle formuttrykk med bruk av moderne materialar som møbelindustrien nett då var i ferd med å ta bruk, som til dømes skumplast. Stolen [[Ecco]] frå [[1970]] frå Møre Designteam var ei av dei aller første stolmodellane der kaldskum vart støypt rundt ei metallramme.  

Dei tre unge designarane gjekk inn ei samarbeidsavtale med tre lokale møbelbedrifter som forplikta seg til å kjøpe tenester frå dei; [[Hjellegjerde]], [[L.K. Hjelle]] og [[Hole & Lillebøe]]. Det var L.K. Hjelle som tok opp produksjonen av Eccostolen, som ikkje vart nokon publikumssuksess. Betre resultat fekk Hjellegjerde med [[Colombi]]-salongen som Møre Designteam stod bak. Her var ryggputene støypte rundt rør som stakk ut og kunne koplast til seteramma, ein revolusjonerande teknikk som gjorde samansetjingsarbeidet svært enkelt. Tilsvarande forenkling låg i modellen 1001 for Hole & Lillebøe. Det var eit såkalla byggemøbel som brukaren kunne byggje ut etter ønskje, frå ein-seter til to-seter og så vidare. Støypeformene til modell 1001 er dei første som skumplastbedrifta Sandella fekk laga.
Dei tre unge designarane gjekk inn ei samarbeidsavtale med tre lokale møbelbedrifter som forplikta seg til å kjøpe tenester frå dei; [[Hjellegjerde]], [[L.K. Hjelle]] og [[Hole & Lillebøe]]. Det var L.K. Hjelle som tok opp produksjonen av Eccostolen, som ikkje vart nokon publikumssuksess. Betre resultat fekk Hjellegjerde med [[Colombi]]-salongen som Møre Designteam stod bak. Her var ryggputene støypte rundt rør som stakk ut og kunne koplast til seteramma, ein revolusjonerande teknikk som gjorde samansetjingsarbeidet svært enkelt. Tilsvarande forenkling låg i modellen 1001 for Hole & Lillebøe. Det var eit såkalla byggemøbel som brukaren kunne byggje ut etter ønskje, frå ein-seter til to-seter og så vidare. Støypeformene til modell 1001 er dei første som skumplastbedrifta [[Sandella]] fekk laga.

Svein Asbjørnsen arbeidde i åra framover mykje med såkalla ergonomiske møbelmodellar. Grunntanken var at alle menneske er ulike og at menneske i ulike aldrar har ulike behov. Behova til folk varierer også i løpet av dagen, då vi skifter mellom arbeid, kvile, individuelle og sosiale aktivitetar. Etter å ha studert korleis menneske faktisk finn støtte og kvile i arbeid og fritid utvikla designarteamet møbelserien [[People are different]]. Den fikk 1. premien i ein nordisk designkonkurranse i [[1976]].

Sideversjonen fra 11. mar. 2012 kl. 13:21

SapDesign er ei møbeldesignbedrift som vart etablert i 1989 av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Svein fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og møbelforming, og etter at han var ferdig med militærtenesta i 1967 fekk han praksisplass ved kontoret til møbeldesignaren Ingmar Relling i Sykkylven. Han gjennomførte deretter møbeldesignutdanning ved Statens Handverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I 1969 var han blant dei første som fekk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var Svein Leirdal. Saman med Leirdal og sambygdingen Jan Lade etablerte Svein Asbjørnsen i 1970 designbedrifta Møre Designteam. Dei markerte seg raskt med nyskapande modellar der dei kombinerte eksperimentelle formuttrykk med bruk av moderne materialar som møbelindustrien nett då var i ferd med å ta bruk, som til dømes skumplast. Stolen Ecco frå 1970 frå Møre Designteam var ei av dei aller første stolmodellane der kaldskum vart støypt rundt ei metallramme.

Dei tre unge designarane gjekk inn ei samarbeidsavtale med tre lokale møbelbedrifter som forplikta seg til å kjøpe tenester frå dei; Hjellegjerde, L.K. Hjelle og Hole & Lillebøe. Det var L.K. Hjelle som tok opp produksjonen av Eccostolen, som ikkje vart nokon publikumssuksess. Betre resultat fekk Hjellegjerde med Colombi-salongen som Møre Designteam stod bak. Her var ryggputene støypte rundt rør som stakk ut og kunne koplast til seteramma, ein revolusjonerande teknikk som gjorde samansetjingsarbeidet svært enkelt. Tilsvarande forenkling låg i modellen 1001 for Hole & Lillebøe. Det var eit såkalla byggemøbel som brukaren kunne byggje ut etter ønskje, frå ein-seter til to-seter og så vidare. Støypeformene til modell 1001 er dei første som skumplastbedrifta Sandella fekk laga.

Svein Asbjørnsen arbeidde i åra framover mykje med såkalla ergonomiske møbelmodellar. Grunntanken var at alle menneske er ulike og at menneske i ulike aldrar har ulike behov. Behova til folk varierer også i løpet av dagen, då vi skifter mellom arbeid, kvile, individuelle og sosiale aktivitetar. Etter å ha studert korleis menneske faktisk finn støtte og kvile i arbeid og fritid utvikla designarteamet møbelserien People are different. Den fikk 1. premien i ein nordisk designkonkurranse i 1976.

Svein Leirdal gjekk ut av samarbeidet i 1976 og Jan Lade i 1989. Svein Asbjørnsen knytte til seg to nye medarbeidarar i 1976 og 1978, Arve Grønmo og Egil Maalø. Frå 1989 var dei medeigarar i selskapet SapDesign. Svein har på den merkantile sida av forretningsdrifta hatt hjelp av kona si, Ingjerd Asbjørnsen.

Frå 1980-åra utvikla Svein Asbjørnsen og medarbeidarane hans eit nært samarbeid med møbelbedrifta HÅG. I dette samarbeidet har Asbjørnsen fått utteljing for sine evner til å finne tekniske løysingar på krevjande utfordringar knytt til ergonomiske møblar som krev stor grad av brukartilpasning. Ulike vippemekanismar og rygg- og nakkereguleringar er utvikla i tett samarbeide med HÅG si tekniske avdeling. I modellen H09 for HÅG er designarens problemløysande kreativitet harmonisk kombinert med møbelbedrifta sitt behov for ein marknadstilpassa kontorstol. Svein Asbjørnsen arbeidde også i lang tid mot flyindustrien utan at dette ga seg utslag i inntekstbringande avtalar.

Frå 2000 har SapDesign halde til i den herskapelege Berlivillaen på Klokkehaug i Sykkylven. Dette huset har han lagt store ressursar ned i, og arbeidet vart i 1996 lønna med Fortidsminneforeininga sin Godt vern-pris.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
  • Eldar Høidal: Artikkel om SapDesign i Årbok for Sykkylven 2004.
  • Eldar Høidal: Et fellesskap å stole på. (Møbelbransjeforeningen gjennom 100 år.) Oslo 2009.