Sara Oust

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Sara Embretsdotter Oust (fødd i Vingelen i Tolga 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein kjend haugiansk lekpredikant og leiarskikkelse i Nord-Østerdalen og Sør-Trøndelag. Etternamnet blir somme stader skrive Ousten.

Bakgrunn og familie

Foreldra hennar var Embret (Engebret) Embretsson Oust (død 1785) og Mari Persdotter Røe (1745–1818). Dei var gardbrukarar på Oust (Søre Vingelen). Sara var eldst av to systrer. Faren døydde tidleg, og mora og Sara måtte skøyte på levemåten med å køyre kol for koparverket på Røros.

Sara Oust gifta seg den 26. juli 1805 med gardbrukar Ola Toresson Haugen (1776–1862). Også hans foreldre var gardbrukarar i Vingelen, Tore Knutsson Haugen (1732–93) og Ingeborg Olsdotter Nyhus (1737–1822).

Forkynningsverksemda

Lokalt leiaransvar

Kjelder og litteratur