Sauheradvegen (Midt-Telemark og Notodden)

Sauheradvegen går nordover frå Nyhussvingen i krysset med Nesoddvegen ved Gvarv i Midt-Telemark kommune til Hjuksebø i Notodden kommune der vegen går over i Tinnegrendvegen. Han er om lag 20,1 kilometer lang og utgjer ein stor del av riksveg 360 og har to bruer: den 218 meter lange Nautesund bru som kryssar nordenden av Bråfjorden og den 60 meter lange Hjukse nye bru over Hjukseelva på Hjuksebø.

Sauheradvegen på Hjuksebø sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2019).

Vegen har namn etter Sauherad kommune og blei namnsett i 1999.

Etter grensejusteringa 1. januar 2020, da Hjuksebø gjekk over til Notodden kommune, blei kring 5,1 kilometer av Sauheradvegen liggjande i Notodden.

Tidlegare hadde Notodden også ein Sauheradvegen som blei namnsett i 1935. Han blei slått saman med Tinnegrendvegen i 2019.

Kjelder


Koordinater: 59.38418° N 9.20553° Ø