Seljord Meieri: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0884 1.jpg|Seljord Meieri på 1940-talet.|Sætherskar, 1949, s. 882.}} '''Seljord Meieri''' vart starta 19. september 1937 av andelseigarar med or...) |
(Ingen forskjell)
|
Sideversjonen fra 1. jun. 2017 kl. 11:11
Seljord Meieri vart starta 19. september 1937 av andelseigarar med ordførar O. L. Bjørge som formann. Meieriet låg i sentrum i Seljord kommune.
Gjennom åra var det fleire formenn i meieriet:
- O. L. Bjørge. (1937)
- I. Prestegård. (1938-1940)
- E. Goderstad. (1940-1943)
- N. H. Goderstad. (1943-1949)
Formålet til meieriet var å ta i mot mjølk og mjølkeprodukt frå andelseigarane, og å foredle og omsette produkta til høgste pris. I 1939 produserte meieriet 242715 kg mjølk.[1] Mengda vaks til 318248 kg i 1940, i tillegg til 9124 kg setersmør.[2] Meieribygningen hadde ei grunnflate på 235 m2.
- "Meieriet anbefaler sine produkter. Førsteklasses mjølk, fløte, smør og ost, som alltid er spekket med vitaminer fra fjellbygdas vegetasjon."[3]
Kjelder
Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.