Seljord Meieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Seljord Meieri på 1940-talet.
Foto: Sætherskar, 1949, s. 882.

Seljord Meieri vart starta 19. september 1937 av andelseigarar med ordførar O. L. Bjørge som formann. Meieriet låg i sentrum i Seljord kommune.

Formenn i Seljord Meieri.
Foto: Sætherskar, 1949, s. 883.

Gjennom åra var det fleire formenn i meieriet:

O. L. Bjørge. (1937)
I. Prestegård. (1938-1940)
E. Goderstad. (1940-1943)
N. H. Goderstad. (1943-1949)

Formålet til meieriet var å ta i mot mjølk og mjølkeprodukt frå andelseigarane, og å foredle og omsette produkta til høgste pris. I 1939 produserte meieriet 242715 kg mjølk.[1] Mengda vaks til 318248 kg i 1940, i tillegg til 9124 kg setersmør.[2] Meieribygningen hadde ei grunnflate på 235 m2.

"Meieriet anbefaler sine produkter. Førsteklasses mjølk, fløte, smør og ost, som alltid er spekket med vitaminer fra fjellbygdas vegetasjon."[3]

Kjelder

  • Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 137.
  2. Sætherskar, 1949, s. 882ff.
  3. Sætherskar, 1949, s. 883.