Setesdalstunet på Norsk Folkemuseum

SetesdalstunetNorsk Folkemuseum har tretten bygningar arrangert som eit rekkjetun på to rekkjer. I Setesdal var dette ein vanleg tuntype, som oppstår når ein gard delast i to bruk, og bygningane samlast på eit felles tun. Av di det er to brukarar med familier som har kvart sitt bruk er det to av dei fleste typer bygningar på eit slikt tun.

Brottveitloftet frå Brottveit i Valle er eit av få trihøgde loft i landet.
Foto: Olve Utne (2008).

Bygningane er henta frå Setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle. Sagastua skiljer seg frå dei andre ved at det er ein moderne kopi. Museet bygde ein kopi av gamlestog på Kjelleberg i Valle, og her kan ein sjå korleis ei årestua kan ha sett ut når ho var ny. Bygningen er reist med metoder, material og reiskap som var i bruk for 300 år sia.

Bygningane

Bygning Type Fra Datering Ervervet Gjenreist Nummer Merknad Bilde
Kjellebergstua Årestue, peisestue Kjelleberg, Valle, Setesdal 1650 (ca.) 1912 1913 1/2 Kjellebergstua består av «gamlestog», som er ei årestue, og «nyestog», som er ei peisestue.  
Oseloftet Loft Ose, Bygland 1700 (ca.) 1912 1913 3  
Åmlidstua Årestue Åmlid, Valle 1650-1700 (ca.) 1895 1898 4  
Brottveitloftet Loft Brottveit, Valle 1650-1700 (ca.) 1909 1910 5 Brottveitloftet er eit av få trihøgde loft i Norge.  
Stolpehus frå Kjelleberg Stolpehus Kjelleberg, Valle Middelalder 1941 1941 6  
Løe frå Rysstad Løe Rysstad, Valle 1800-1850 (ca.) 1938 1938 7  
Fjøs frå Rike Fjøs Rike, Valle 1800-1850 (ca.) 1941 1941 8  
Løe frå Skomedal Løe Skomedal, Bygland 1800-1850 (ca.) 1941 1941 9
Fjøs frå Skomedal Fjøs Skomedal, Bygland 1850-1900 (ca.) 1941 1941 10  
Stall frå Kultran Stall Kultran, Bykle 1800 (ca.) 1941 1941 11  
Badstue frå Åmlid Badstue Åmlid, Valle 1600-tallet 1912 1913 12  
Stall frå Heimtveiti Stall Heimtveiti, Bykle 1850 1966 2008 13
Sagastua Årestue 1994 1994 14 Kopi av «gamlestog» i Kjellebergstua, nr. 1/2.

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.

Koordinater: 59.90718° N 10.68423° Ø