Åmlidstua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åmlidstua.
Foto: Olve Utne (2008).
Stua i 1907.
Foto: Olaf Væring (1907).

Åmlidstua er ei årestue frå garden Åmlid i Valle kommune som står på SetesdalstunetNorsk Folkemuseum. Stua vart reist omkring 1650–1700, truleg av Ånund Knutsson Åmlid (omkr. 1635–1700). Ho vart overført til museet i 1895 og gjenreist i 1898, og er nummer 4 i museets samling.

Stua er nesten identisk med Kjellebergstua sin gamlestog, og har ei form som var nesten uforandra sia mellomalderen. Huset har åre og ljore, eit hardtrampa jordgolv og fast innreiing. Benkene langs veggen er fylde med jord, slik at dei har ein isolerande effekt. Ved dørane står ei seng, eller «kvile», ved kvart hjørne. Det er nokre få flyttbare møbel, og av desse er brugdebenken den viktigaste.

Galleri

Kjelder

  • Mork, Paal (red.), Norsk Folkemuseum - Friluftsmuseet, By og Bygd 43, Norsk Folkemuseum, 2010.