Sigrid og Knut: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 6: Linje 6:

Her er eit samandrag av segna, basert på artikkel frå nynorsk Wikipedia: Omtrent alle på øya [[Stabblandet]] døydde av sotten. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der.

== Viseteksten ==
Her fylgjer teksten til visa, henta frå samlinga "Ville blomstra:
Og svartedauden herja i tretten førti-ni,
<sup>og halve folket døydde i pine.
På Tustnastabbelandet fekk berre to gå fri
frå sotta som tok alle dei hine.</sup>
<p>
Omkvede: Eg lengtar etter deg.
        Du lengtar etter meg.
        Det er så vondt å leva åleine
</p>
I Fjellingsdalen gjekk han så einsleg att, han Knut,
da far og mor låg bleike på båre.
Og vest i Solheimsundet ho Sigrid såg mot nut
med augo som av saknad var såre.
Så tok dei ut på leiting, for inga sjel er nøgd
med det å vildre einsam i verda.
Og segna, ja ho seier dei møttest på ei høgd.
Slik vart det mål og meining med ferda.
To augnepar fann kvile, to trøytte sinn fekk fred.
To unge kjende kjærleikens styrke.
Til Fjellingsdalen bar det, og der dei slo seg ned,
forutan prest og signing i kyrkje.
Så lova dei kvarandre å leva der i lag,
og fjell og fjord var vitne til orda.
Og trugne mot sin lovnad, det var dei all sin dag,
og fekk si løn av sjøen og jorda.
Og svartedauden herja i tretten førti-ni,
og fattigmann og rik måtte vandre.
Men nye ætter føddest på Stabblandet, fordi
ho Sigrid og han Knut fann kvarandre.

== Kjelder og linkar ==
== Kjelder og linkar ==

Sideversjonen fra 30. apr. 2012 kl. 20:33

Sigrid og Knut er tittelen på ei vise av bygdadiktaren Jørgen Gravvold (1930-2005) frå Bøverdalen i Surnadal kommune. Visesongaren Kolbjørn Botten (f. 1942) frå Valsøyfjord har sett melodi til visa. I 1981 vart visa sunge inn på LP-plata "På gamle tufter" av gruppa "Skuggsjå".

Bakgrunn

Visa byggjer på ei segn frå Tustna i Aure kommune. Handlinga i segna er frå 1300-talet, då pesten Svartedauden herja både i Noreg og resten av Europa.

Her er eit samandrag av segna, basert på artikkel frå nynorsk Wikipedia: Omtrent alle på øya Stabblandet døydde av sotten. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der.

Kjelder og linkar

  • Bæverfjord, Eistein: Skuggsjå, Eistein's webside Sist vitja: 23.04.12
  • Gravvold, Jørgen (2006): Ville blomstra. Skei (?): Surnadal Heimbygdlag
  • Wikipedia: Tustna - Svartedauden, Tustna Sist vitja: 23.04.12