Sigrid og Knut

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigrid og Knut er tittelen på ei vise av bygdadiktaren Jørgen Gravvold (1930-2005) frå Bøverdalen i Surnadal kommune. Visesongaren Kolbjørn Botten (f. 1942 frå Valsøyfjord har sett melodi til visa. I 1981 vart visa sunge inn på LP-plata "På gamle tufter" av gruppa "Skuggsjå".

Bakgrunn

Visa byggjer på ei segn frå Tustna i Aure kommune. Handlinga i segna er frå 1300-talet, då pesten Svartedauden herja både i Noreg og resten av Europa.

Segna fortel at omtrent alle på øya Stabblandet døydde av sotten. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der.


Linkar

Bæverfjord, Eistein (?): Skuggsjå, Eistein's webside Wikipedia (2006): Jørgen Gravvold, Jørgen Gravvold