Sigrid og Knut

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigrid og Knut er tittelen på ei vise av bygdadiktaren Jørgen Gravvold (1930-2005) frå Bøverdalen i Surnadal kommune. Visesongaren Kolbjørn Botten (f. 1942) frå Valsøyfjord har sett melodi til visa. I 1981 vart visa sunge inn på LP-plata "På gamle tufter" av gruppa "Skuggsjå".

Bakgrunn

Visa byggjer på ei segn frå Tustna i Aure kommune. Handlinga i segna er frå 1300-talet, då pesten Svartedauden herja både i Noreg og resten av Europa.

Her er eit samandrag av segna, basert på artikkel frå nynorsk Wikipedia: Omtrent alle på øya Stabblandet døydde av sotten. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der.

Viseteksten

Her kjem fyrste vers av vise, samt omkvedet:


Og svartedauden herja i tretten førti-ni,
og halve folket døydde i pine.»
På Tustnastabbelandet fekk berre to gå fri
frå sotta som tok alle dei hine.
 

Eg lengtar etter deg.
Du lengtar etter meg.

Det er så vondt å leva åleine
'

Kjelder og linkar

  • Bæverfjord, Eistein: Skuggsjå, Eistein's webside Sist vitja: 23.04.12
  • Gravvold, Jørgen (2006): Ville blomstra. Skei (?): Surnadal Heimbygdlag
  • Wikipedia: Tustna - Svartedauden, Tustna Sist vitja: 23.04.12