Skarsvegen (Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skarsvegen er ein gamal bygdeveg på omlag 7,5 km frå Bakkemoen i Svartdal til Fossheim i Åmotsdal i Telemark. Vegen er særs gamal, og kan ha blitt nytta av fangsfolk for så mykje som 7000 til 5000 år sidan.
Frå omlag år 1000 var Skarsvegen knytta til Hardingslepa, som gjekk over Hardangervidda. Med auka ferdel følgde betre standard, og frå 1700-talet var vegen rotelagd.
Kulturminne
Bland kulturminna langs vegen finn ein:
- Nord-Skare, bruk frå 1700-talet der det er funne spor etter menneskje frå steinalderen.
- Primkleivbrua
- Aakre, gard i Svartdal
Skildringar
Magnus B. Landstad er ein av mange prestar som har brukt vegen. Han skreiv skildringa Aneksreisen om strekninga.
Dei mange kulturminne, plassar og staular langs vegen har blitt skildra av Harald Aakre i Skarsvegen, som blei utgjeven 1991.
Nokre av husa langs vegen er skildra i ei rad litografier av Inge Bye.
Litteratur
- «Skarsvegen» på Kulturminneåret 2009s nettsider