Skifjord bedehus

Sideversjon per 11. feb. 2016 kl. 14:46 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|20160125-IMGP0127-2.jpg|Skifjord bedehus|Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)}} Skifjord bedehus vart bygd i 1914 og står på garden Bjørnestad (gnr 9, bnr. 4) i [...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Skifjord bedehus vart bygd i 1914 og står på garden Bjørnestad (gnr 9, bnr. 4) i Hyllestad kommune.

Fil:20160125-IMGP0127-2.jpg
Skifjord bedehus
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Skule i bedehuset

Det vart halde skule i bedehuset for fyrste gong i 1942. Før dette vart det halde skule i ei stove på på nabogarden, og før dette i ei stove på ein gard lenger ned mot fjorden. Både hovudsalen og den vesle salen på bedehuset vart brukt til undervisning. Dei fyrste åra var det ingen pultar på bedehuset, men i dei seinare åra brukte dei både pultar og langbord.

Den nye skulen i Skifjorden vart opna i 1955. Etter dette vart bedehuset brukt til skule berre dei åra det ikkje var nok plass på nyeskulen. [1]

Kjelder

Informantar

  • Astrid Waage

Referansar

Koordinater: 61°14′30.4″ N 5°06′50.9″ Ø