Skjåk-Ola: Forskjell mellom sideversjoner

1 314 byte lagt til ,  12. nov. 2012
Mellomlagring
Ingen redigeringsforklaring
(Mellomlagring)
Linje 2: Linje 2:

Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar innan ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i [[Gudbrandsdalen]] på den tida. Som mange andre stader i landet var dette ei velstandstid for gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som [[Røros]], [[Folldal kommune|Folldalen]] og [[Lesja]].

== Bakgrunn og oppvekst ==
Far til Ola heitte Rasmus Larsen (1694-1763). Rasmus var fødd og oppvaksen som nesteldste son på garden [[Nigard Skjåk]]. Mor til Ola heitte Sissel Olsdotter (1704-1763). Ho var frå [[Lundagrenda]] i same bygda. Rasmus og Sissel gifta seg i 1725, og fekk i alt seks born i tidsrommet 1727-1744. To av dei døydde som barn. Ola var yngst i syskenflokken.
Det var lenge godteken kunnskap at Skjåk-Ola i likskap med faren var fødd på Nigard Skjåk. Men i ei semesteroppgåve i lokalhistorie frå 2003 blir det påvist at dette neppe er rett. ''Eldrid Grande Skjåk'' gjer der overtydande greie for at foreldra hans var gardbrukarar på garden [[Hågå]], eit mindre bruk i [[Bruheimsgrenda]], på det tidspunktet Ola var fødd. Eit sterkt indisum er ein dåpsinnførsel i kyrkjeboka nyttårsdagen 1745, der dåpsbarnet er «Rasmus Hagens Drbr. [Drengebarn] Ole.» [http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603490621.jpg Kyrkjebok for Lom.]Grande Skjåk viser også til annan overtydande dokumentasjon.
Familien budde i Hågå til Ola var i 17-årsalderen. Da fekk dei høve til å overta Nigard Skjåk, og flytta dit i 1762. Eldstebroren til Ola, Lars, vart brukar der. Foreldra deira døydde båe allereie i 1763, året etter at dei hadde flytta inn på Nigard Skjåk.
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer