Skjåk-Ola

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Framskåp laga av Skjåk-Ola, frå slutten av 1700-talet. Skåpet var opphavleg frå Nigard Lund i Skjåk. Det er nå på Kunstindustrimuseet i Oslo.
Foto: Ukjent

Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen Skjåk, (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar. Han er særleg kjend for stoveinnreiingar med store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av arbeida hans er bevarte, og framskåp frå hans hand har i vår tid vore takserte for millionbeløp på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.

Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar av ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen 1750-1850. Som mange andre stader i landet var dette ei tid med aukande velstand blant gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja.

Bakgrunn og oppvekst

Frå Skjåkstrond. Uppigard Skjåk nærmast til venstre. Det gamle, freda tunet halvt skjult i treklynga. Nigard Skjåk nærare kyrkja. Dei to gardane låg til ca. 1809 tun i tun der Nigard enno ligg. Vidare ser vi Prestgards-gardane og Nigard Dagsgard på denne sida av Ottaelva. Skjåk kyrkje mellom elva og bilvegen. På andre sida av elva: Reppen og Aurdalen.

Far til Ola heitte Rasmus Larsen (1694-1763). Rasmus var fødd og oppvaksen som nesteldste son på garden Nigard Skjåk. Mor til Ola heitte Sissel Olsdotter (1704-1763). Ho var frå Lundagrenda i same bygda. Rasmus og Sissel gifta seg i 1725, og fekk i alt seks born i tidsrommet 1727-1744. To av dei døydde som barn. Ola var yngst i syskenflokken.

Det var lenge godteken kunnskap at Skjåk-Ola i likskap med faren var fødd på Nigard Skjåk. Men i ei semesteroppgåve i lokalhistorie frå 2003 blir det påvist at dette neppe er rett. Eldrid Grande Skjaak gjer der overtydande greie for at foreldra hans var gardbrukarar i Hågå, eit mindre bruk i Bruheimsgrenda, på det tidspunktet Ola var fødd. Eit sterkt indisum er ein dåpsinnførsel i kyrkjeboka nyttårsdagen 1745, der dåpsbarnet er «Rasmus Hagens Drbr. [Drengebarn] Ole», og som det er grunn til å tru er han som seinare vart kjend som Skjåk-Ola.[1] Grande Skjaak viser også til annan god dokumentasjon.

Familien budde i Hågå til Ola var i 17-årsalderen. Da fekk dei høve til å overta Nigard Skjåk, og flytta dit i 1762. Eldstebroren til Ola, Lars, vart brukar der. Foreldra deira døydde båe allereie året etter at dei hadde flytta inn på Nigard Skjåk.

Interiør frå Uppigard Skjåk i Skjåk kommune, utført av Skjåk-Ola ca 1764. Kva fargar det var frå fyrst av, er uvisst. Dette er eit døme på ei tidstypisk innreiing av stover på bondegardar i Gudbrandsdalen, og Skjåk-Ola har utvilsamt hatt sterk innverknad på utviklinga av stilen. Det faste inventaret, som ein reknar med er laga av Skjåk-Ola sjølv, er frå venstre framskåp (stuguskåp), hylle over døra, blandstampbenk med skåp/dragkast over, bostkast med pyntehandkle på høgre vegg.
Foto: Kristian Hosar.
Uppigard Skjåk. Husa er til dels frå slutten av 1700-talet, men garden vart flytta i fyrst på 1800-talet. Stova som Skjåk-Ola innreidde, reknar ein med vart oppsett som ho var opphavleg. Det er hus nr. 2 frå venstre, halvt skjult bak ein lågare uthusbygning. Tunet er freda.
Foto: H.P.Hosar 2012

Det er rimeleg å tru at Ola vart med foreldra, broren og ei ugift syster til Nigard Skjåk, og at han vart buande der ei tid frametter. Broren Lars var ugift dei fyrste åra som gardbrukar, og hadde sikkert god bruk for broren til hjelp i gardsdrifta. Rundt 1764, da han var i 19-20-årsalderen, fekk Ola i oppdrag å lage interiøret i nyhuset på Uppigard Skjåk, som den gongen låg tun i tun med Nigard. Han har iallfall rimelegvis budd på garden medan dette pågjekk. Det er også mogleg at han før dette hadde laga framskåp og anna heime hjå dei sjølve på Nigard, men dette er uvisst.

I Teigroen

Opplysningane i kjeldematerialet er mangelfulle når det gjeld kvar Skjåk-Ola budde og verka i vaksen alder. Broren gifta seg i 1765, men både han og kona døydde allereie fire år etter, og etterlet seg to mindreårige born, ei jente på fire år og odelsguten Rasmus, som knapt var eitt år gammal på det tidspunktet. Det er tenkjeleg at Ola har hatt ei hand med i gardsdrifta frametter, men dette er ikkje kjeldebelagt. Grande Skjaak finn det mindre sannsynleg, særleg av di Skjåk-Ola nettopp i desse åra frå ca. 1770 og frametter hadde sine mest produktive år som handverkar og kunstnar.

Det er munnleg tradisjon for at Skjåk-Ola flytta nord i Teigomsgrenda til den garden som i dag heiter Søre Teigom. Det var ein plass under Nigard Skjåk, i likskap med fleire bustader i grenda der, (for Søre Teigoms vedkomande fram til 1808).[2] Ola dreiv visstnok ikkje plassen sjølv, men bygde seg ei stove i utkanten av eigedomen. Den vart kalla Teigroen, og er i så fall bakgrunnen for dette andre tilnamnet som stundom blir nytta om Ola Rasmussen. Det er den dag i dag spor etter ei tuft på Søre Teigom som skal vere etter huset hans Skjåk-Ola.

Rett ved staden, i åa Nørdre Juva, låg det ei sag som tilhøyrde Nigard Skjåk, ei innretning som snikkaren og treskjeraren kan ha hatt stor nytte av.

Gardbrukar i Lund

Mot slutten av livet sitt kjøpte Skjåk-Ola eit gardsbruk i Lundagrenda, ikkje langt frå Teigom. Det var eit bruk som sidan har gått inn i det som i dag heiter Nord i Lund. Skjåk-Ola kjøpte bruket av ein Arne Guttormsen i 1796. Det bur ein ugift Ole Rasmussen på eit Lund-bruk i folketeljinga 1801.[3]Alderen er rett nok 58, og skulle ha vore 55 eller 56, men det er vel likevel sannsynleg at dette er Skjåk-Ola. Han har eit ungt ektepar med eit lite barn buande der som «Tiennestefolk». Skjåk-Ola selde bruket att i 1802. Da hadde han inngått fletføringskontrakt med brorsonen på Nigard Skjåk, flytta dit og døydde der kort tid etter.

Virke og verk

Frimerke frå 1993 med detalj frå Skjåk-Ola-skåpet som nå er på Kunstindustrimuseet.

Korleis Skjåk-Ola hadde lært seg handverket og kunsten, om han var autodidakt eller hadde systematisk opplæring av andre, er uvisst. Den einaste aktuelle læremeisteren innanbygds som dei gjennomgåtte kjeldene gjev oss kjennskap til, er treskjeraren Sylfest Nilsen Skrinde (1732-1785). Han er det til gjengjeld svært nærliggjande å rekne med. Sylfest var med Jakob Klukstad og laga interiøret i den nye Skjåk kyrkje ca. 1750-1752, da Skjåk-Ola var smågut. Skåptypen som Skjåk-Ola vart så kjend for, skal ha vore utvikla av Sylfest Skrinde. Det har vore fleire som etterlikna (eller var med på å utvikle?) denne skåptypen. Til dømes har skåpa etter Ola Brekk (1749–1833) stundom vore forveksla med Skjåk-Ola sine.

Det er bevart fleire framskåp, roskåp (hjørneskåp), hengeskåp o.a. som utan rimeleg tvil er laga av Skjåk-Ola. På Lom bygdemuseum er det ein spisslede som skal vere laga av meisteren. Ein del gjenstandar som blir tilskrivne Skjåk-Ola kan det rå tvil om opphavet til.

Av bevarte framskåp etter Skjåk-Ola kan nemnast følgjande:[4]

  • På Uppigard Skjåk i Skjåk.
  • På Øvre Hove, Skjåk.
  • I Andersstua på BjørnstadMaihaugen, opphavleg frå Sygard Ånstad, Skjåk.
  • Eit skåp som opphavleg var frå Nigard Bøje i Skjåk kom seinare ved arv til Bærum og vart selt via ein antikvitetshandlar i Oslo til ukjend kjøpar på 1980-talet.
  • Norsk folkemuseum har to umåla skåp. Opphavsstadene er ukjent, det eine moglegvis frå Bøverdalen (Glømsdal?)
  • Kunstindustrimuseet i Oslo, opphavleg frå Nigard Lund i Skjåk.
  • Andvord i Lom. Det heftar noko uvisse ved om det faktisk er Skjåk-Ola som har gjort dette skåpet.


Referansar

  1. Kyrkjebok for Lom.
  2. Pantebok for Nord-Gudbrandsdalen: Skøyte frå Lars Rasmussen til Sevald Nilsen tinglyst 29.6.1808. Der blir Søre Teigom kalla eit "jordstykke" under Nigard Skjåk.
  3. Ole Rasmussen i folketeljinga 1801 for Lom herred frå Digitalarkivet
  4. Hosar, K. 1995.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer