Skor skule: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 17: Linje 17:
[[Kategori:Hyllestad kommune]]
[[Kategori:Hyllestad kommune]]
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Skulehus]]
[[Kategori:Skolebygninger]]
[[Kategori:Skulehus i Sogn og Fjordane]]

Sideversjonen fra 11. feb. 2016 kl. 11:49

Skulehuset på Skor i Hyllestad kommune vart bygd i 1910. Før 1910 vart det halde skule i leigde lokaler. Skulehuset vart brukt som skule frå 1910 til 1965. Etter dette vart elevane overførte til Åfjorddalen skule.

Byggmeister for skulehuset var entreprenør Andreas Gjertsen frå Salbu. Bygningen har ei grunnflate på 10 m x 6,5 m og er bygd i 2 høgder. Kjellaren vart grave ut etter at bygning var teken i bruk og stod ferdig i 1938. Skor Grunneigarlag disponerer bygget etter avtale med Hyllestad kommune, og det fungerer som grendahus. [1]

Skulekrets

I 1861 var det 14 skulekretsar i Hyllestad, og Skor var i same skulekrets som Øvrås, Markhus, Alefjell, Solås og Røstenskar. I 1891 var det 21 skulekretsar og ein av dei heitte Skor. I 1964 var Skor ein av 9 skulekretsar, og året etter vart Skor innlemma i Åfjorddalen krets. [2]

Kjelder

  1. Bygnes, Per (2001) Skule og lokalt kulturhus i Skor
  2. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Elevstatistikk ssb og femårsmeldingar

Foto


Koordinater: 61°13′06.6″ N 5°20′48.6″ Ø