Skor skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehuset på Skor i Hyllestad kommune vart bygd i 1910. Før 1910 vart det halde skule i leigde lokale. Skulehuset vart brukt som skule frå 1910 til 1965. Etter dette vart elevane overførte til Åfjorddalen skule.

Byggmeister for skulehuset var entreprenør Andreas Gjertsen frå Salbu. Bygningen har ei grunnflate på 10 m x 6,5 m og er bygd i 2 høgder. Kjellaren vart grave ut etter at bygning var teken i bruk og stod ferdig i 1938. Skor Grunneigarlag disponerer bygget etter avtale med Hyllestad kommune, og det fungerer som grendahus.

Anna bruksområde

I 1954/55 var det framhaldsskule i Skor, og same hausten hade Røde Kors eit førstehjelpskurs i skulen.

Etter at skulen vart lagt ned i 1965 tok det om lag 30 år før ein fekk på plass ein avtale mellom kommunen som huseigar og Skor grunneigarlag som fekk bruke huset mot at det halde ved like. Etter dette vart huset pussa opp på dugnad og det vart isolert, lagt inn vatn og skifta vindauge. Det kom både toalett og kjøkken, samt eit tilbygg. Skulehuset har i seinare tid vorte brukt til møter og aktivitetar av ymse slag. Det vart mellom anna halde juletrefestar, misjonsmøter, basarar, jordbrukskurs og gudstenester i skulehuset.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Elevstatistikk ssb og femårsmeldingar
  • Atle Lyngstad Ness (2012) Skulen i Skor - samlingsmerke i 100 år, Sogeskrift frå Hyllestad
  • Olav Holten, Ymse om Skor skulehus. Heim og skule Nr.4 desember 1969

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.2185° N 5.346833° Ø