Skor skule: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 36: Linje 36:
<references/>
<references/>


{{artikkelkoord|61|13|06.6|N|5|20|48.6|E}}
{{artikkelkoord|61.2185|N|5.346833|E}}


[[Kategori:Hyllestad kommune]]
[[Kategori:Hyllestad kommune]]
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Skolebygninger]]
[[Kategori:Skolebygninger]]

Sideversjonen fra 1. apr. 2016 kl. 07:39

Skulehuset på Skor i Hyllestad kommune vart bygd i 1910. Før 1910 vart det halde skule i leigde lokaler. Skulehuset vart brukt som skule frå 1910 til 1965. Etter dette vart elevane overførte til Åfjorddalen skule.

Byggmeister for skulehuset var entreprenør Andreas Gjertsen frå Salbu. Bygningen har ei grunnflate på 10 m x 6,5 m og er bygd i 2 høgder. Kjellaren vart grave ut etter at bygning var teken i bruk og stod ferdig i 1938. Skor Grunneigarlag disponerer bygget etter avtale med Hyllestad kommune, og det fungerer som grendahus. [1]

Skulekrets

I 1861 var det 14 skulekretsar i Hyllestad, og Skor var i same skulekrets som Øvrås, Markhus, Alefjell, Solås og Røstenskar. I 1891 var det 21 skulekretsar og ein av dei heitte Skor. I 1964 var Skor ein av 9 skulekretsar, og året etter vart Skor innlemma i Åfjorddalen krets. [2]

Lærarar

  • Orlaug Sognnes - Lærar i ca 20 år
  • Sivert Holten
  • Johan Porten - Vikar for Sivert Holten som fekk slag i 1936
  • Johannes Holten
  • Randi Ringstad
  • Gri Litlebø
  • Bjarne Hansen
  • Norvald Tveit
  • Ola Bjørvik
  • Asbjørn Engen - Framhaldsskulen 1954-55
  • Solveig Kolgrov - Formingslærar
  • Ingeborg Sognnes - Formingslærar
  • Bodil Hatlem - Formingslærar
  • Einar Sognnes - Handarbeidslærar
  • Torgrim Eide - Handarbeidslærar

[3]

Anna bruksområde

I 1954/55 var det framhaldsskule i Skor, og same hausten hade Røde Kors eit førstehjelpskurs i skulen.[3]

Etter at skulen vart lagt ned i 1965 tok det om lag 30 år før ein fekk på plass ein avtale mellom kommunen som huseigar og Skor grunneigarlag som fekk bruke huset mot at det halde ved like. Etter dette vart huset pussa opp på dugnad og det vart isolert, lagt inn vatn og skifta vindauge. Det kom både toalett og kjøkken, samt eit tilbygg. [3] Skulehuset har i seinare tid vorte brukt til møter og aktivitetar av ymse slag. Det vart mellom anna halde juletrefestar, misjonsmøter, basarar, jordbrukskurs og gudstenester i skulehuset. [4]

Foto

Kjelder og litteratur

  1. Bygnes, Per (2001) Skule og lokalt kulturhus i Skor
  2. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Elevstatistikk ssb og femårsmeldingar
  3. 3,0 3,1 3,2 Atle Lyngstad Ness (2012) Skulen i Skor - samlingsmerke i 100 år, Sogeskrift frå Hyllestad
  4. Olav Holten, Ymse om Skor skulehus. Heim og skule Nr.4 desember 1969


Koordinater: 61.2185° N 5.346833° Ø