Skulemuseet i Lisser

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. feb. 2021 kl. 10:51 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Skulemuseet i Lisser er ei avdeling av Lesja bygdemuseum, etablert i 1985 på Lisser litt vest for Lesjaskog kyrkje. Museet ligg i den vestre delen av…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulemuseet i Lisser er ei avdeling av Lesja bygdemuseum, etablert i 1985 på Lisser litt vest for Lesjaskog kyrkje.

Museet ligg i den vestre delen av Tandseterstugu og inneheld eldre skulemateriell frå omgangsskuletida (før slutten på 1800-talet i Lesja) og ting som har vore vanlege i fastskulen oppover mot nyare tid: kart, mange eldre plansjar, lærebøker og materiell til sløyd- og fysikk-undervisning. Mellom det eldste er ein ransel eller skulesekk som ei trekasse med skinnreimer.

Kjelder

  • Årsmeldingar i Årsskrift for Lesja historielag
  • Mølmshaug, Sigrun 1991: Tandseterstugu - skulemuseet på Lisser. i Årsskrift for Lesja historielag side 13-16.

Koordinater: 62.2322594° N 8.344289° Ø