Skyttargrava ved Hauggrendstråndi

Skyttargrav ved Hauggrendstråndi. Heilt nord i Fyresdal kommune, like sør for grensa til Kviteseid kommune, går det ein markert bergrygg i retning aust - vest. Fylkesvegen 355 frå Krossli i Tokke møter denne vinkelrett der den fører til Fyresdal, og før 2. verdskrig gjorde den ein skarp U-sving for å kome forbi denne bergryggen. Under krigen vart det på høgda vest for Krossli bygd ein del bunkersar/løpegraver, truleg for å hindre invasjon frå vest, dette omkring garden Gåstjønn. Fylkesvegen til Fyresdal var før krigen einaste tilkomsten til bygda og det vart difor byrja å bygge løpegrav/skyttargrav i ly av nemnde bergrygg for å hindre mogleg invasjon i Fyresdal der Vidkun Quisling av og til oppheldt seg. Denne løpegrava/skyttargrava går då i retning aust –vest og har god dekning av bilvegen. Dette anlegget er skote i fjell og elles grove opp med ei skyttargrav på vel 150 meter og ei større utgraving i aust truleg berekna på eit større bygg. Anlegget vart påbyrja 1944, men vart av fleire grunnar ikkje fullførd. Etter krigen var ein ikkje nøgd med å gjere denne U-svingen utanom bergryggen og ein sprengde ut ei stor kløft slik at vegen kunne gå rett fram. Det vart då øydelagd ein god del av anlegget, kor mykje er vanskeleg å finne ut av i 2018, men like etter krigen såg ein nok ikkje nokon grunn til å ta vare på dette. I 2018 er mykje av anlegget tilgrodd. Syd for anlegget vart eit større stykke skog snauhogd for betre sikt, dette gjekk lenge under namnet Tyskarhogsten.

Biletgalleri