Skyttargrava ved Hauggrendstråndi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skyttargrav ved Hauggrendstråndi. Heilt nord i Fyresdal kommune, like sør for grensa til Kviteseid kommune, går det ein markert bergrygg i retning aust - vest. Fylkesvegen 355 frå Krossli i Tokke møter denne vinkelrett der den fører til Fyresdal, og før 2. verdskrig gjorde den ein skarp U-sving for å kome forbi denne bergryggen. Under krigen vart det på høgda vest for Krossli bygd ein del bunkersar/løpegraver, truleg for å hindre invasjon frå vest, dette omkring garden Gåstjønn. Fylkesvegen til Fyresdal var før krigen einaste tilkomsten til bygda og det vart difor byrja å bygge løpegrav/skyttargrav i ly av nemnde bergrygg for å hindre mogleg invasjon i Fyresdal der Vidkun Quisling av og til oppheldt seg. Denne løpegrava/skyttargrava går då i retning aust –vest og har god dekning av bilvegen. Dette anlegget er skote i fjell og elles grove opp med ei skyttargrav på vel 150 meter og ei større utgraving i aust truleg berekna på eit større bygg. Anlegget vart påbyrja 1944, men vart av fleire grunnar ikkje fullførd. Etter krigen var ein ikkje nøgd med å gjere denne U-svingen utanom bergryggen og ein sprengde ut ei stor kløft slik at vegen kunne gå rett fram. Det vart då øydelagd ein god del av anlegget, kor mykje er vanskeleg å finne ut av i 2018, men like etter krigen såg ein nok ikkje nokon grunn til å ta vare på dette. I 2018 er mykje av anlegget tilgrodd. Dette er den sentrale delen i eit større planlagd anlegg. Frå fylkesvegen er det uferdige skyttargraver/løpegraver ned til Skredevatn og heilt ut på ein odde der, og det er uferdige graver opp i bakkane mot aust. Vidare er det ei rekke med liknande uferdige skyttar-/løpegraver nord for dette, altså ei framskote rekke med tanke på ein mogleg invasjon frå vest eller nord. Syd for anlegget vart eit større stykke skog snauhogd for betre sikt, dette gjekk lenge under namnet Tyskarhogsten.

Biletgalleri