Sloge

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. mar. 2015 kl. 10:20 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Sliul Norsk Folkemuseum.jpg|Sliul fra Sparbu i Steinkjer kommune, på Norsk Folkemuseum.|Jon-Erik Faksvaag}} {{thumb|Dreschflegel.jpg|Truleg er denne sloga tysk, men dei norske v...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sliul fra Sparbu i Steinkjer kommune, på Norsk Folkemuseum.
Foto: Jon-Erik Faksvaag
Truleg er denne sloga tysk, men dei norske var av same typen.

Ei sloge eller sliul (sjå fleire namn nedafor) er ein treskereiskap. Dette var det vanlegaste reiskapen før treskemaskinane kom. Den har eit skaft, handvola eller tustervola, som var omlag 1,2 meter langt. Ein kortare stokk, slagvola eller dettvola, var bunde til skaftet med vidje, åleskinn, oksesene eller tau. Slagvola kunne vere rund eller åttekanta.

Ein la kornbanda på golvet i fleire rekkjer med aksendane mot kvarandre. Så slo ein med sloga så kornet vart skild frå halmen, raka bort halmen og kasta kornet med ei låvekluft, ein gaffelforma reiskap. Etterpå kunne ein tresk kornet meir varsamt ein gong til for å få ut agner og småhalm.

Namn

Reiskapen hadde mange namn rundt om i landet. Nokre av dei som er kjend er:

  • flygjel (Telemark og Sørlandet)
  • fløgel (Telemark og Sørlandet)
  • slire (Hedmark)
  • sliul (Austlandet og Trøndelag)
  • sloge (Austlandet og Trøndelag)
  • slue (Austlandet og Trøndelag)
  • sluggu (Austlandet og Trøndelag)
  • tust (Vestlandet, Sørlandet, Hallingdal, Gudbrandsdalen)

Kjelder