Småbruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. nov. 2010 kl. 07:10 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Kategoriar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Småbruk er vanleg nemning for ei lita drifts- og bustadeining i jordbruket, ein liten gard som ikkje eller berre så vidt kan brødfø ein familie utan attåtnæringar. I statistikken har småbruk gjennomgåande vore definert som særskilt skyldsette bruk med mellom 5 og 50 dekar innmark (dyrka jord og naturleg eng). Jordbrukseiningar under fem dekar har vore kalla bustadbruk, arbeidarbruk og liknande. I den øvre delen er det glidande overgang mellom småbruk og gardsbruk, og kriteriane for nemningsbruken vil variere ikkje minst etter lokale tilhøve.

Nemninga

Nemningane småbruk og småbrukar fekk allmenn utbreiing fyrst på 1900-talet, manifestert ikkje minst ved namnet på Norsk småbrukerforbund (seinare Norges bonde- og småbrukarlag) som vart skipa i 1913, og ved namneskiftet frå Den norske Arbeiderbruk- og Boligbank til Den norske Småbruk- og Boligbank i 1915.

Men nemningane er mykje eldre. «Smaabrug» vart brukt av Jens Kraft i Det søndenfjeldske Norge (1822), og Eilert Sundt nytta Smaabruger i Folkevennen i 1859. «Teknisk Ugeblads arkitektafdeling» skal ha gitt ut ein publikasjon Smaabruget paa Landbrugsudstillingen i 1907. I Ordbog over det danske sprog er det eldste eksempelet på førekomsten av «småbrug» frå 1908.[1]

Jordbruksteljinga 1929 delte bruka inn i følgjande kategoriar etter areal innmark (dyrka jord pluss naturleg eng):[2]

  • Inntil 2 dekar: boliger
  • 2,1-5 dekar: boligbruk
  • 5,1-20 dekar: småbruk
  • 20,1-50: småbruk og gardsbruk
  • 50,1- : gardsbruk

Den glidande overgangen mellom småbruk og gardsbruk innan kategorien 20-50 dekar blir utdjupa slik: «Et bruk skal regnes for gårdsbruk når det er så vidt stort at der holdes hest utelukkende eller overveiende for brukets skyld. Nogen bestemt arealgrense kan vanskelig opstilles, men i almindelighet vil et bruk på opimot 30 dekar innmark opfylle disse betingelser.»[3]


Utbreiinga

Mykje av bakgrunnen for at nemninga småbruk fekk gjennomslag på byrjinga av 1900-talet, var den sterke veksten ein såg i talet på slike einingar på den tida. Frå 1865 til 1907 hadde det vorte 20000 fleire bruk med mindre enn 20 dekar innmark. Ved det siste tidspunktet kunne ¾ av alle skyldsette bruk over 5 dekar reknast som småbruk (under 50 dekar innmark).[4] Auken kom ikkje minst av at mange husmannsbruk vart særskilt skyldsette og kjøpte til sjølveige.

Fram til andre verdskrigen stimulerte styresmaktene på ymse vis framveksten av småbruka, mellom anna ved gunstige kredittordningar. Bureisingsrørsla i 1920- og 1930-åra vart støtta av sentrale og kommunale styresmakter så vel som av private organisasjonar. Bureisinga skapte meir enn 10 000 nye bruk, og mange av desse, men langt frå alle, kan reknast som småbruk.

Etter andre verdskrigen tok utviklinga ei anna vending. Det vart lagt vekt på rasjonalisering i jordbruket, som ein rekna med vart fremja ved utvikling i retning av færre og større bruk.

I 2009 var det om lag 157 000 landbrukseigedomar med bustadbygning i Noreg. Om lag halvparten av desse var småbruk med 5-50 dekar dyrka mark. Men desse småbruka var om lag 1/3 heilt fråflytta eller berre brukt til feriebustad og liknande.[5]


Kjelder og litteratur

  • Feiring, T., Rovde, O., Tøsse, S.: Den norske småbrukaren 1913-1988. Samlaget 1988.
  • Statistisk sentralbyrå, jordbruksstatistikk.

Notar

  1. Opplysningar om nemningshistoria frå Språkrådet ved Dag Finn Simonsen i e-post til NLI 18.11.2010.
  2. Jordbruksteljinga 1929, hefte 3, NOS VIII 171, tabell 2
  3. Jordbruksteljinga 1929, hefte 4, NOS VIII 188, s. 28
  4. Den norske småbrukaren 1913-1988 s 15.
  5. Statistisk sentralbyrå