Smart Møbeltapetsererverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. sep. 2013 kl. 19:38 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Smart Møbeltapetserverksted''' var ei møbelbedrift i Sykkylven som var i verksemd nokre år etter krigen. Grunnleggaren Gerhard Ringdal dreiv først, frå 1940 til 1946, ein leikety...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Smart Møbeltapetserverksted var ei møbelbedrift i Sykkylven som var i verksemd nokre år etter krigen. Grunnleggaren Gerhard Ringdal dreiv først, frå 1940 til 1946, ein leiketyfabrikk der han laga ymse dyrefigurar på hjul. I leiketyfabrikken var det tre-fire tilsette og varene dei laga vart selde til butikkar i Ålesund.

Like etter krigen bygde han bustadhus på ei tomt som var utskild frå Jangarden på Aure. Der innreidde han verkstad i kjellaren og tok opp møbelproduksjon. Det var tre eigarar i Smart: Ole O. Woldstad, Lars Hagen og Gerhard Ringdal.

Bedrifta var etter tilhøva godt utstyrt. Ho var mellom dei første som fekk levert putestappemaskin frå Alfred Nyborg Maskinfabrikk AS. Eigarane og dei to tilsette hadde rikeleg med oppgåver til eit godt stykke ut i 1950-åra. I 1960 vart verksemda lagt ned.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.