Snidbetning: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
{{under arbeid}}
<onlyinclude>{{thumb|Diriks Fig. 16 Soendmoer-Baad.png|''“... Bordene fra Forstevnen løbe skraas opad mod Midten, hvor de alle støde sammen ...”'' (Frå [[Carl Frederik Diriks: «Om de forskjellige Slags Baade i Norge»|«Om de forskjellige Slags Baade i Norge»]] av [[Carl Frederik Diriks]])}}
<onlyinclude>{{thumb|Diriks Fig. 16 Soendmoer-Baad.png|''“... Bordene fra Forstevnen løbe skraas opad mod Midten, hvor de alle støde sammen ...”'' (Frå [[Carl Frederik Diriks: «Om de forskjellige Slags Baade i Norge»|«Om de forskjellige Slags Baade i Norge»]] av [[Carl Frederik Diriks]])}}
Ein '''[[snidbetning]]''' er ein [[sunnmørsbåt]] som har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret &mdash; og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Det kan ha med dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under [[hollendartida]] å gjere; eller kanskje kan det ha noko med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere. </onlyinclude>
Ein '''[[snidbetning]]''' er ein [[sunnmørsbåt]] som (i motsetnad til ''beingangarar'') har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret &mdash; og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Ein hypotese er at det er ei tilpassing til dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under [[hollendartida]], som for Sunnmøre sin del varte frå 1500-talet og litt innpå 1600-talet. Ein annan hypotese er at snidbetningane kom til med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere. </onlyinclude>


[[image:Snedbetning,færing.jpg|thumb|left|Færing, snidbetning, sunnmørsbåt. {{byline|Andreas Vartdal}}]]
[[image:Snedbetning,færing.jpg|thumb|left|Færing, snidbetning, sunnmørsbåt. {{byline|Andreas Vartdal}}]]

Sideversjonen fra 21. sep. 2023 kl. 09:33

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
“... Bordene fra Forstevnen løbe skraas opad mod Midten, hvor de alle støde sammen ...” (Frå «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» av Carl Frederik Diriks)

Ein snidbetning er ein sunnmørsbåt som (i motsetnad til beingangarar) har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret — og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Ein hypotese er at det er ei tilpassing til dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under hollendartida, som for Sunnmøre sin del varte frå 1500-talet og litt innpå 1600-talet. Ein annan hypotese er at snidbetningane kom til med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere.

Færing, snidbetning, sunnmørsbåt.
Foto: Andreas Vartdal

Kjelder

  • Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle snidbetningen», i Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Bergen : Fagbokforlaget, cop. 2016. ISBN 9788245020083
Skjerving — eit bord blir skøytt mot to renningar. Gammal åttringside på naustvegg.
Foto: Andreas Vartdal






Nemninga snidbetning viser til byggjemåten til sunnmørsbåten.

Ordet snid (uttale: snid, sned, sne) tyder 'på skrå, skråande'. Nemninga snidbetning viser til måten botnborda skrår. Dei fleste norske bruksbåtane er bygde med heile bordgangar. Borda går samanhengjande i heile båtlengda. Slik er det ikkje med snidbetningen: Det nedste bordet (på storbåtane dei to nedste borda) blir avskrådd (snida) ned mot kjølen. Dette fører til at borda vidare oppover i båten må skråast ned mot stemne og stamn. Denne skråinga blir gjort ved at kvart bord attanfrå blir skjerva (skøytt) mot to bord framme (renningane). På denne måten blir den typiske snidbetningfasongen til: ein brei framende bygd av mange skrånande bord, og ein heller smal bakende.

Det er usikkert kor lenge sunnmørsbåtane har vore snidbetna. Liknande trekk finst stundom i dei nærskyldte geitbåtane, der nokre båtar har hatt eitt skjerva halsbord. Det er rimeleg å tenkje seg at bruken av eit aukande tal skjerva halsbord kan ha hatt samanheng med aukande problem med å finne gode halsemne i samband med uthogging av gammal skog — kanskje i hollendartida, som på Sunnmøre varte frå slutten av 1500-talet til noko inn på 1600-talet.


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Snedbetning» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.