Solbring

Sideversjon per 21. des. 2015 kl. 09:06 av Kallrustad (samtale | bidrag) (under arbeid)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Solbring var ein husmannsplass under Mårheimsrud i Atrå sokn i Tinn kommune.

I Tinn soga (s. 322) skriv Halvor H. Einung at «Namnet høver godt for plassen ligg beint mot middagssoli og er med dei stader der det fyrst vert grønt om våren».

Einung meiner at Solbring var mellom dei fire plassane som låg under Mårheimsrud i folketeljinga i 1801. Av di husmannsstovene ikkje er nemnde med namn i denne teljinga, er dette noko usikkert, men i kyrkjeboka for Tinn dukkar det opp ein Ole Olsen Solbring i 1815. Han hadde vore husmann, og vart gravlagd 5. desember dette året ved Atrå kyrkje. Einung skriv at Ole Olsen Solbring må ha vore smed, for i skiftet etter han var det smedreidskap for 50 riksdalar.

Nokre år seinare kom Gunnulv Olsson og Gunhild Halvorsdotter (fødd Bakhus) til Solbring. Dottera deira, Ågot (fødd 1823), vart i 1846 gift med Ola Torgeirsson Gaustadhagen. Ågot og Ola overtok plassen

Kjelder