Sophie Reimers

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2018 kl. 09:43 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag) (Ny side: '''Sophie Reimers''' (fødd 19. april 1853 i Bergen, død 9. april 1932 i Oslo) var skodespelar. Foreldra var Claus Severin Frimann Reimers (1808–70) og Severine Cathrine Lem (1816...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sophie Reimers (fødd 19. april 1853 i Bergen, død 9. april 1932 i Oslo) var skodespelar. Foreldra var Claus Severin Frimann Reimers (1808–70) og Severine Cathrine Lem (1816–96). Sjølv var ho ugift heile livet. Ho var syster til skodespelaren Arnoldus Reimers.

Ho debuterte på Den Nationale Scene i 1879. Etter to år i Bergen vart ho tilsett på Christiania Theater. Da teatret vart lagt ned i 1899, vart ho same året tilsett på Nationaltheatret. Der hvar ho til ho døydde.

Etter kvart vart ho Nationaltheatrets Grand Old Lady og fekk dei rollene ho ville ha.

Kjelder og litteratur

  • Berg, Thoralf: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 7. 2003.
  • Rønneberg, Anton: artikkel i Norsk biografisk leksikon, bind 11. 1951.