Spjotsoddvegen i Kviteseid kommune er ein kring 1,3 kilometer lang blindveg som går sørover på Spjotsodd frå Kviteseidvegen. Etter 500 meter passerer vegen gjennom eit stort sandtak med Kviteseid betong sitt produksjonsanlegg. Ved eigedomen Spjotodd (gnr. 23/5) ligg også Spjotodd brygge frå 1896, der kanalbåtane har anløp. Her dreier vegen vestover og passerer under den 290 meter lange hengebrua Spjotsodd bru eller Spjotsundbrui. Vegen endar ytst på Bruodden der det i tidlegare tider gjekk ei flytebru over sundet til Smiodden. Tre store sandtak har tilkomst frå Spjotsoddvegen. Det går òg ei grein av vegen nordaustover til Strauman skytebane.
Vegen har namn etter staden.
Galleri
Spjotsoddvegen med Kviteseid betong sitt anlegg.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen 62, «Spjotsodd».
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsodd brygge.
Foto: Roy Olsen (2021).
MS Henrik Ibsen ved Spjotsodd brygge.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsodd brygge, gammelt skilt.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen 65, «Sandset».
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen, sandtak med bygning.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen 85, «Dugnadli». Velhus satt opp av Cappelen for arbeidere.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen 105, plassen Setflot.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen 115 «Uppstad». Tidligere Setflot skule.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen 119, «Brustad I», bruvokterbolig.
Foto: Roy Olsen (2021).
Spjotsoddvegen ved enden. Fundament/brukar etter gammal flytebru.