Språkskiftet til nynorsk i Skjåk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jan. 2013 kl. 08:02 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Språkskiftet til nynorsk i Skjåk''' gjekk føre seg i to etappar. Den fyrste var innføring av landsmål som skulemål i fire av sju krinsar i 1908. Andre etappen førte til spr...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Språkskiftet til nynorsk i Skjåk gjekk føre seg i to etappar. Den fyrste var innføring av landsmål som skulemål i fire av sju krinsar i 1908. Andre etappen førte til språkskifte også i dei andre skulekrinsane, i kommuneadministrasjon og i kyrkja i løpet av tidsrommet 1925-1933. Hardaste striden stod under den andre etappen. Striden toppa seg med skuleavrøystingane i Marlo, Holmork og Nordberg i 1925, og ebba ut med vedtak om nynorsk liturgi i 1932-1933. Etter den tid har Skjåk vore nynorskkommune.