Samtale:Språkskiftet til nynorsk i Skjåk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Norges Kommunistiske Parti og Det Norske Arbeiderparti vs Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti

Slik står det i ett av avsnitta:

Målsaka - klassekamp og folkereising? Jamvel sentralleiinga i NKP kan seiast å ha gripe inn i denne striden som tydeleg splitta lokallaga i Skjåk og Nordberg. I april 1925 skriv Olav Scheflo i Arbeideren, kommunistavisa på Hamar, eit innlegg under overskrifta «Vaart parti og maalstriden». Han refererer til ein ikkje nærare namngjeven partifelle i Gudbrandsdalen som hadde vendt seg til han og fortalt korleis «en del kamerater» hadde engasjert seg for riksmålet mot landsmålet i skulestriden.[14] Om vi ikkje kan vite det sikkert, er det nærliggjande å tru at han som hadde vendt seg til Scheflo var K.G.Wågen, og at striden var den som nett da gjekk føre seg i Skjåk. I alle høve var Wågen var ein ivrig bidragsytar til og abonnentsankar for Arbeideren, og han kjende Scheflo personleg.[15] Hausten før hadde Scheflo halde foredrag i Skjåk, i forsamlingshuset Nordheim.[16] I innlegget i Arbeideren gjer Scheflo greie for at partiet ikkje har rokke å utarbeide noko språkpolitisk program. Men i praksis har partiet alltid stilt seg på landsmålets side, skriv Scheflo. Dei kan ikkje som sosialdemokratane (DNA) stille seg nøytrale i «en kamp, som vitterlig er en politisk kamp altsaa et stykke klassekamp.» Partiet kan ikkje stille seg saman med storborgarskapet «som i maalstriden er representert av Riksmaalsforbundet». Landsmåltilhengarar kunne rett nok vere litt av kvart, men «vi kan ikke ta hensyn til at mange maalfolk er chauvinister og kommunistætere. Vi maa holde oss det faktum for øie, at maalreisningen er en folkereisning.»

Etter som året er 1925 undres jeg om ikke den gode Scheflo her snakker om Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti - - etablert 1921 og oppslukt i DNA i 1927. Fordi - NKP snakket i denne tida (1924-1927) om Arbeiderpartiet (DNA) som Tranmælittene.--Gunnar E. Kristiansen (diskusjon) 11. apr 2014 kl. 18:18 (CEST)