Stand: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
(Mellomlagring)
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
'''[[Stand]]''', fleirtal ''stender'', er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er synberre og betydelege skilje og skilnader mellom høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.
'''[[Stand]]''', fleirtal ''stender'', er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er synberre og betydelege skilje og skilnader mellom høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.


1) I ''daglegtale'' har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige» delar av befolkninga.
1) I ''daglegtale'' har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige» delar av befolkninga.


2) ''Historisk'' var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje [[Leksikon:Adel|adel]], presteskap, [[Leksikon:Borgerskap|borgarskap]] og [[Bonde|bønder]]. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Formalisert og systematisk ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som  korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom [[stenderforsamlingar]] (riksdagar, herredagar, parlament, [[Leksikon:Stendermøte|stendermøte]] etc.). Ein kan da snakke om ein [[stenderstat]]. Som juridisk og politisk definert fenomen var standsomgrepet særleg betydningsfullt frå [[seinmellomalderen]] gjennom [[tidleg nytid]] fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet.  
2) ''Historisk'' var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje [[Leksikon:Adel|adel]], presteskap, [[Leksikon:Borgerskap|borgarskap]] og [[Bonde|bønder]]. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Formalisert og systematisk ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som  korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom [[stenderforsamlingar]] (riksdagar, herredagar, parlament, [[Leksikon:Stendermøte|stendermøte]] etc.). Ein kan da snakke om ein [[stenderstat]]. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå [[seinmellomalderen]] gjennom [[tidleg nytid]] fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet.  
   
   
3) I nyare tid har stand vore nytta som ''samfunnsvitskapleg term'' også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg term har stand noko varierande tydingsinnhald, og blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med ''statusgruppe'' bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile, i røynda nokså nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som [[klasse]] og [[kaste]].
3) I nyare tid har stand vore nytta som ''samfunnsvitskapleg term'' også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med ''statusgruppe'' bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som [[klasse]] og [[kaste]].




Linje 12: Linje 13:
''Stand'' tyder eigentleg stilling, det å stå. Det er eit germansk ord med den same tydinga som ''status'' på latin.  
''Stand'' tyder eigentleg stilling, det å stå. Det er eit germansk ord med den same tydinga som ''status'' på latin.  


Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar med tildelte roller i statsstyret heiter på engelsk ''estate'', på fransk ''etat'', båe med opphav i det latinske status. Fransk ''etat'' har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).  
Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk ''estate'', på fransk ''etat'', båe med opphav i det latinske status. Fransk ''etat'' har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).  


Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk ''orders'' (''society of orders'' = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ''ordres'' (''société d’ordres'' = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn ''sociedad estamental'', som er laga av ''estamento'' =  (politisk) stand, og som er klårt etymologisk relatert til estado = stat og etat.
Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk ''orders'' (''society of orders'' = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ''ordres'' (''société d’ordres'' = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn ''sociedad estamental'', som er laga av ''estamento'' =  (politisk) stand, og som er klårt etymologisk relatert til estado = stat og etat.
Linje 30: Linje 31:
Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som kvar sin stand for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som «riksstender» som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte.  
Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som kvar sin stand for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som «riksstender» som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte.  


Med innføringa av eineveldet i 1660 vart riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Da vart det slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, [[Leksikon:Riksrådet|Riksrådet]], vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som balanserte kongemakta. Danmark-Noreg var etter 1660 ikkje lenger ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar.
Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart det slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, [[Leksikon:Riksrådet|Riksrådet]], vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad. Danmark-Noreg kan etter 1660 ikkje lenger kallast ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar.


=== Standsskilje, rettar og plikter ===
=== Standsskilje, rettar og plikter ===

Sideversjonen fra 2. jan. 2012 kl. 07:10

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Stand, fleirtal stender, er ei nemning for nærare bestemte samfunnsgrupper i samfunn der det er synberre og betydelege skilje og skilnader mellom høgare og lågare sosiale lag. Det kan svare seg å halde frå kvarandre dei ulike måtane nemninga er brukt på 1) i daglegtale, 2) om eit realhistorisk fenomen og 3) som samfunnsvitskapleg omgrep.

1) I daglegtale har nemninga litt lauseleg, og delvis overlappande med «klasse», vore brukt om ulike yrkesgrupper og befolkningssjikt, så som bondestand, embetsstand, legestand, middelstand osv. Saman med tilknytinga til yrke/samfunnsfunksjon har faktorar som ulikt fordelt makt og rikdom, danningsnivå og livsstil vore mykje bestemmande for bruken av ordet. Standsskilja blir i daglegtale dermed iallfall delvis samanfallande med skilja mellom «fine» og «mindre fine», «rike» og «fattige» delar av befolkninga.

2) Historisk var stender nemning på juridisk og politisk veldefinerte samfunnsgrupper, i fyrste rekkje adel, presteskap, borgarskap og bønder. Stendene var klårt avgrensa frå kvarandre ved ulike rettar og plikter, og dei stod i ulike undersåttlege tilhøve til staten (kongen). Formalisert og systematisk ulikskap for lova var eit vesenstrekk ved standssamfunnet. Som korporasjonar (samla einingar, ikkje enkeltindivid) kunne stendene også vere tillagde politiske rettar og innverknad gjennom stenderforsamlingar (riksdagar, herredagar, parlament, stendermøte etc.). Ein kan da snakke om ein stenderstat. Som juridisk og politisk definert fenomen spela stendene ei særleg viktig rolle frå seinmellomalderen gjennom tidleg nytid fram til dei store amerikanske og europeiske revolusjonane på slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet, inklusive den norske systemomveltinga i 1814. Desse hadde som uttrykkeleg mål å avskaffe standssamfunnet.

3) I nyare tid har stand vore nytta som samfunnsvitskapleg term også om fenomen i moderne samfunn som er basert på likskap for lova og like statsborgarlege rettar for befolkninga. Som vitskapleg abstraksjon har stand noko varierande tydingsinnhald, og omgrepet blir nytta med ulik grad av stringens, men er ofte nær synonymt med statusgruppe bestemt ut frå yrkestilknyting, danningsnivå, sosial prestisje og sosiokulturell identitet i det store og heile. I røynda er denne bruken nært i slekt med daglegtalens bruk av stand. Stand blir i samfunns- og kulturvitskaplege samanhengar ofte jamført med og kontrastert til omgrep som klasse og kaste.


Stand, status, stat. Etymologi

Stand tyder eigentleg stilling, det å stå. Det er eit germansk ord med den same tydinga som status på latin.

Stand brukt om juridisk-politisk definerte korporasjonar heiter på engelsk estate, på fransk etat, båe med opphav i det latinske status. Fransk etat har dessutan eit mangfald av andre tydingar, derunder to som er særleg relevante i denne samanhengen: «stat» og «etat» (som i politietaten).

Stender brukt om samfunnsgrupper i meir generell tyding heiter derimot på engelsk orders (society of orders = standssamfunn) og tilsvarande på fransk, ordres (société d’ordres = standssamfunn). Men i eit anna romansk språk, spansk, heiter standssamfunn sociedad estamental, som er laga av estamento = (politisk) stand, og som er klårt etymologisk relatert til estado = stat og etat.

I tidleg nytid glei nemningane stand og stat over i kvarandre også i det danske språket. Arent Berntsen skriv i Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed om «Værie-staten» (verjestanden: adel, militær og sivil øvrigheit), «Lære-staten» (presteskap, professorar og andre intellektuelle) og «Nære-staten» (borgarskap, bønder og kanskje arbeidsfolk og «menige allmue» i det store og heile).

Det er såleis etymologisk nær samanheng mellom stand, status, stat og etat.


Det historiske standssamfunnet

Bellatores, oratores, laboratores

Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i bellatores, oratores, laboratores som det heitte på latin, dvs. dei som krigar, dei som talar (lærarane) og dei som arbeider. I mellomalderen svara dei to fyrste jamt over til adel og presteskap. Den tredje gruppa, dei som «arbeidde», bestod til samanlikning både av ein ulikt mykje større del av befolkninga (adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett), og dei omfatta mange ulike yrkesgrupper og sjikt. «Tredjestanden» på den franske revolusjonens tid omfatta både handels- og handverkarborgarskap, bønder og andre (ikkje-adelege og ikkje-geistlege) næringsdrivande.

Riksstender i Danmark-Noreg

Mange stader, som i Noreg, var borgarskapet og bøndene definerte som kvar sin stand for seg. Saman med adel og presteskap var dei rekna som «riksstender» som vart innkalla ved kongehyllingar og stendermøte.

Etter innføringa av eineveldet i 1660 var riksstendene ikkje lenger ein del av det politiske systemet i Danmark-Noreg. Det vart det slutt på stendermøta, og den fremste politiske standsforsamlinga, Riksrådet, vart avskaffa. Riksrådet, der eit utval av rikets høgaste adel hadde sete, var eit sentralorgan som modifiserte kongemakta i monaleg grad. Danmark-Noreg kan etter 1660 ikkje lenger kallast ein stenderstat, i motsetnad til for eksempel Sverige, som hadde stenderforsamlinga Riksdagen i behald jamvel under tilnærma eineveldige kongar.

Standsskilje, rettar og plikter

Standssamfunn etter 1814?

Det samfunnsvitskaplege omgrepet

Weber og Marx

Frå standssamfunn til klassesamfunn?

Referansar


Kjelder og litteratur