Steinar Schjøtt: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Steinar Schjøtt''' (fødd 1844, død 1920) var skulemann, ordboksmann og omsetjar. | '''[[Steinar Schjøtt]]''' (fødd 1844, død 1920) var skulemann, historikar, ordboksmann og omsetjar. | ||
Han tok filologisk embetseksamen i 1870, adjunkt i Halden 1874–93, overlærar i Skien 1893–1909. Schjøtt vart tidleg målmann og gjorde eit stort arbeid for målreisinga. Frå 1868 var han med på to stuttliva bladtiltak, [[Svein Urædd]] og [[Andvake]], og skreiv elles mykje i andre målblad. Han skreiv mange lærebøker i historie: ''Norigs soga'' (1879), ''Frå 1789 til vår tid'' (kom heftevis i 1880-åra), ''Lærebok i heimssoga'' (1899–1900). Sette om ''Heimskringla'' til landsmål (1872–79; illustrert nasjonalutgåve 1900). | |||
Schjøtt la stor vekt på ei munnleg og folkeleg målføring; i syn på rettskriving stod han Olaus Fjørtoft nær. Hovudverka hans er dei to ordbøkene ''Dansk-norsk Ordbog'' (1909) og ''Norsk ordbok med ordtyding på norsk-dansk'' (1914). | |||
== Kjelder og litteratur == | |||
* Pedersen, Gunnar: artikkel i ''Norsk allkunnebok'' band IX. Oslo 1960. | |||
{{Spire}} | {{Spire}} |
Sideversjonen fra 27. feb. 2017 kl. 13:15
Steinar Schjøtt (fødd 1844, død 1920) var skulemann, historikar, ordboksmann og omsetjar.
Han tok filologisk embetseksamen i 1870, adjunkt i Halden 1874–93, overlærar i Skien 1893–1909. Schjøtt vart tidleg målmann og gjorde eit stort arbeid for målreisinga. Frå 1868 var han med på to stuttliva bladtiltak, Svein Urædd og Andvake, og skreiv elles mykje i andre målblad. Han skreiv mange lærebøker i historie: Norigs soga (1879), Frå 1789 til vår tid (kom heftevis i 1880-åra), Lærebok i heimssoga (1899–1900). Sette om Heimskringla til landsmål (1872–79; illustrert nasjonalutgåve 1900).
Schjøtt la stor vekt på ei munnleg og folkeleg målføring; i syn på rettskriving stod han Olaus Fjørtoft nær. Hovudverka hans er dei to ordbøkene Dansk-norsk Ordbog (1909) og Norsk ordbok med ordtyding på norsk-dansk (1914).
Kjelder og litteratur
- Pedersen, Gunnar: artikkel i Norsk allkunnebok band IX. Oslo 1960.
|