Steinar Schjøtt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinar Schjøtt (fødd 1844 i Porsgrunn, død 1920 i Kristiania) var skulemann, historikar, ordboksmann og omsetjar.

Schjøtt var døypt Stener, men fornorska med tida namnet til Steinar. Foreldra hans var sokneprest Ole Herstad Schjøtt (f. 1805, d. 1848) og Anne Jacobine fødd Olrog (f. 1803, d.1882). Han var gift med Christiane Nissen (f. 1849, d. 1948).

Steinar Schjøtt tok filologisk embetseksamen i 1870, var adjunkt i Halden 1874–93 og overlærar i Skien 1893–1909. Han vart tidleg målmann og gjorde på fleire område eit stort arbeid for landsmålet. Frå 1868 var han med på to stuttliva bladtiltak, Svein Urædd og Andvake, og skreiv elles mykje i dei andre målblada frametter. Han skreiv fleire lærebøker i historie: Norigs soga (1879), Frå 1789 til vår tid (kom heftevis i 1880-åra), Lærebok i heimssoga (1899–1900). Bøkene kom i mange opplag og utgåver.

Schjøtt omsette dessutan Heimskringla til landsmål (1872–79), ei illustrert nasjonalutgåve kom i 1900 – ein parallell til Gustav Storms omsetjing til dansk-norsk (riksmål). Schjøtt la vekt på ei munnleg og folkeleg målføring; i syn på rettskriving vart han tidleg påverka av Olaus Fjørtoft.

Hovudverka hans er dei to ordbøkene Dansk-norsk Ordbog (1909) og Norsk ordbok med ordtyding på norsk-dansk (1914). I arbeidet med Dansk-norsk Ordbog rådførde han seg med m.a. Hans Ross, Marius Hægstad, Arne Garborg og Ivar Kleiven. Schjøtt gav Kleiven ros for å vera ein framifrå heimelsmann og hadde lange sommaropphald på Kleivsætra i Vågå.

I åra 1915–17 budde Schjøtt på Hvalstad og var nabo med Arne Garborg på Labråten, han var såleis ein del av nynorskmiljøet på Hvalstad, Askerkretsen. I denne tida var han til stor hjelp for Garborg i arbeidet med omsetjinga av Odyssevskvædet (1918).

Kjelder og litteratur

  • Steinar Schjøtt i Historisk befolkningsregister.
  • Pedersen, Gunnar: artikkel i Norsk allkunnebok band IX. Oslo 1960.
  • Seip, Didrik Arup: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XII. Oslo 1954.
  • Venås, Kjell: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind 8. Oslo 2004.