Steinar Schjøtt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinar Schjøtt (fødd 1844 i Porsgrunn, død 1920 i Kristiania) var skulemann, historikar, ordboksmann og omsetjar.

Han tok filologisk embetseksamen i 1870, adjunkt i Halden 1874–93, overlærar i Skien 1893–1909. Schjøtt vart tidleg målmann og gjorde eit stort arbeid for målreisinga. Frå 1868 var han med på to stuttliva bladtiltak, Svein Urædd og Andvake, og skreiv elles mykje i andre målblad. Han skreiv mange lærebøker i historie: Norigs soga (1879), Frå 1789 til vår tid (kom heftevis i 1880-åra), Lærebok i heimssoga (1899–1900). Sette om Heimskringla til landsmål (1872–79; illustrert nasjonalutgåve 1900).

Schjøtt la stor vekt på ei munnleg og folkeleg målføring; i syn på rettskriving stod han Olaus Fjørtoft nær. Hovudverka hans er dei to ordbøkene Dansk-norsk Ordbog (1909) og Norsk ordbok med ordtyding på norsk-dansk (1914).

Kjelder og litteratur

  • Pedersen, Gunnar: artikkel i Norsk allkunnebok band IX. Oslo 1960.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!