Steinset (Etnedal gnr. 31)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. nov. 2020 kl. 13:53 av Kallrustad (samtale | bidrag) (sjå også: foreldrelaus artikkel)
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinset
Alt. navn: Steenset, Steensæt, Stenseth
Sted: Steinsetbygdi
Sokn: Nord-Etnedal
Fylke: Innlandet
Kommune: Etnedal
Gnr.: 31
Type: Matrikkelgard

Steinset er ein matrikkelgard (gnr. 31) i Etnedal i Valdres. Garden ligg i Nord-Etnedal sokn, på austsida av Steinsetfjorden. Både fjorden og grenda Steinsetbygdi har namn etter Steinset. Garden ligg høgt (750-800 moh).

I Norske Gaardnavne blir namnet tolka som opphaveleg «Steinssetr, af Mandsnavnet Steinn eller et med Stein- begyndende Navn».

Garden er fyrst nemnd i ei skatteliste frå 1592, og var udelt til rundt 1730, då det vart to Steinset-bruk. I 1750-åra vart det skilt ut eit bruk til. På 1800-talet skaut garddelinga fart, slik at det i 1886-matrikkelen hadde vorte 20 bruksnummer under Steinset.

Kjelder og litteratur

  • Hvattum, Harald: Gard og bygd i Etnedal : band A - Bygdehistorie. Bustader og slekter i Nord-Etnedal, Etnedal kommune 1989. Mal:Bokhylla, s. 274-313.
  • Matrikkelen for 1886

Norges matrikel : matrikulerede eiendomme og deres skyld den 1 januar 1904 i Kristians amt. Utg. Finans- og Tolddepartementet, J. M. Stenersen & Co.s Forlag, 1904. Digital versjonNettbiblioteket

Sjå også