Stellsteinberget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stellsteinberget med brotstein i nedkant.
Foto: Arnfinn Kjelland (2022).

Stellsteinberget er ein relativt lang, ikkje breid bergknaus, ca. 80-100 m lang og opp til 25 m høg, som ligg på sørsidan av Lesjaskogsvatnet i skogteigen til Sør-Slette.

I berget her fann eigarane av jernverket såkalla stellstein til foring i masomnen som stod ved søre (austre) enden av vatnet. Det kan sjå ut til at det har vore brote ut stein i eit større område enn det synlege beget.

I masomnen vart malmen frå gruvene smelta, og så pipa måtte tole høg temperatur. I samband med eit prosjekt kring verket i 1991-2 vart ei prøve frå berget sendt inn til Bergvesenet, som konkluderte med at bergarten er ein finkorna, ljos brun olivinstein eller periodotitt. Denne steinsorten kan eigne seg i masomnar, da den toler høg temperatur; i rein tilstand smeltar rein magnesium-olivin ved 1890° C.

I nedkanten av berget er det større og mindre lausbrotne steinar, nokre med tydelege merke etter bruk av bor for å få dei laus av fjellet.

På «baksida» (nordsida) av berget, ca. 100 m unna, ligg det att ein haug med nokså store steinar, også eit par av dei med tydelege bormerke. Det kan vere ein påbegynt transport som har havarert av ein eller annan grunn.

Oversyn over berget
Foto: Arnfinn Kjelland12022

]]


Kjelde

  • Brev frå Bergvesenet 08.11.91, ref. BV utg. 718/91 / BL/HBJ

Koordinater: 62.2082173° N 8.4407023° Ø