Stranda kyrkje (Stranda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stranda kyrkje eller Sløgstad kyrkje er ei åttekantkyrkje i tettstaden Stranda i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1838 og er bygd i treverk (tømmer). Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Tidligare låg det ei stavkyrkje på staden. Men eit stort fjellskred i 1731, på den andre sida av fjorden, skapte ei flodbølge, som øydela kyrkja. Ei alterplate og eit alterskåp frå omlag 1500-talet er bevart. Plata er i marmor og har relikviegjemmer, mens skåpen har motiv med Madonna, St. Laurentius og St. Andreas.

Eksterne lenkjer